Rysy
| Rysy | ||
|---|---|---|
|
|
||
| Høgd over havet | 2503 moh | |
| Ligg i/på | ||
| Fjellkjede | Høge Tatra | |
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Geologi | granitt | |
Rysy (ungarsk Tengerszem-csúcs, tysk Meeraugspitze) er eit fjell på toppen av Høge Tatra og på grensa mellom Polen og Slovakia. Rysy har tre toppar, ein i midten (2503 m), ein i nordvest (2499 m) og ein i søraust (2473 m). Den nordvestlege toppen er det høgaste punktet i Polen, medan den høgaste toppen av dei tre ligg på den slovakiske sida av grensa.
Innhaldsliste |
Namn [endre]
Ein meiner at namnet, som tyder revner eller sprekker på både polsk og slovakisk kjem frå ei rekkje raviner på vest- og nordsida av fjellet. Andre meiner at ordet er ei fleirtalsform som tyder «gauper», men gaupa held ikkje til over tregrensa.
Det ungarske og det tyske namnet tyder «Auget i sjøen» og viser til vatnet Morskie Oko som ligg på nordsida av fjellet.
Historie [endre]
Den første kjende klatringa av fjellet vart gjort i 1840 av Ede Blásy og føraren hans Ján Ruman-Driečny Sr. Fjellet vart første gong klatra om vinteren i 1884 av Theodor Wundt og Jakob Horvay. På 1900-talet hevda kommunistiske styresmakter at Vladimir Lenin klatra fjellet ein gong tidleg i 1910-åra.
Turisme [endre]
Rysy er det høgaste fjellet i Tatra der turistar kan ta seg fram utan ein guide. Det er mogeleg å nå toppen frå den slovakiske sida frå Štrbské pleso forbi Chata pod Rysmi eller frå den polske sida forbi Morskie Oko, som er ein hardare og brattare tur.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Rysy» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mai 2008.