Sølvklorid

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Figuren viser strukturen til sølvklorid

Sølvklorid (AgCl) er ei uorganisk sambinding av sølvion og kloridion. Sambindinga opptrer som eit tungtløyseleg, kvitt salt.

Ved å blanda to fargelause løysningar, ei av sølvnitrat og ei av natriumklorid, vil ein sjå at blandinga vert matt grunna utfelling av sølvklorid.

Ag+(aq) + Cl-(aq) → AgCl(s)

Denne reaksjonen vert ofte nytta for å testa om det er klorid i ei løysning. Løyselegheitsproduktet, Ksp, til AgCl er 1.8 x 10-10. I tillegg til klorid, vil både jodid og bromidion reagera med sølvionet etter denne reaksjonen.

Stoffet vert nytta innan fotografering.

Spire Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.