Søndre Enningdalen kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Søndre Enningdalen kyrkje
kyrkje
Søndre Enningdalen kyrkje
Foto: Trond Strandsberg
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Borg
Prosti Søndre Borgesyssel
Sokn Enningdalen
Fellesråd Halden
Type Langkyrkje
Arkitekt Dag Borg
Material Tre
Innvigd 7. oktober 1956
Kyrkjegard Ved kyrkja
Altartavle Anna Vigen
Sitjeplassar 100
Kart
Søndre Enningdal kapell
58°54′30″N 11°31′19″E / 58.90830306°N 11.52186889°E / 58.90830306; 11.52186889
Wikimedia Commons: Søndre Enningdal kapell

Søndre Enningdalen kyrkje er ei langkyrkje frå 1956 i Halden kommune i Østfold fylke. Byggverket er i tre og har 100 plassar. Tilkomst til staden er via fylkesveg 22.

Det har stått kyrkjer på staden — som ligg berre eit par kilometer frå grensa til Sverige — sidan mellomalderen, men i 1793 vart ny kyrkje oppført ved Prestebakke. Likevel vart den gamle kyrkjegarden halden i hevd, og i 1950-åra kom det ny kyrkje på Kirkebøen.

Skrivemåten varierer: Namnet vert skrive med eller utan «Søndre» og i ubestemt eller bestemt form (Enningdal / Enningdalen). Somme omtalar kyrkja framleis som kapell, sjølv om ho offisielt vert kalla kyrkje. Også det lokale fellesrådet er inkonsekvent. Den offisielle skrivemåten, som vart vedteken av bispedømmerådet i 2010, er «Søndre Enningdalen kirke».[1] Namnet «Enningdal kirke» vert elles ofte nytta i "eldre" litteratur om Prestebakke kyrkje.

Altartavla vart måla av Anna Vigen (1869–1954) frå garden Vigen ved Kornsjø. Ei altartavle frå ei av dei tidlegare kyrkjene står i dag i Nössemark kyrkje på svensk side av grensa.[2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statens kartverk, arkivert frå originalen 6. mars 2016, henta 19. juli 2013 
  2. Skauge og Stumberg (2010), s. 177.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]