Søren Georg Abel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Søren Georg Abel
none  Silhuett av Søren Georg Abel
Silhuett av Søren Georg Abel
Fødd 3. januar 1772
Mo i Telemark
Død 5. mai 1820 (48 år)
Gjerstad prestegard
Yrke Sokneprest
Verv Stortingsrepresentant til Stortinget i 1814 og 1818
 - valkrins Nedenes amt

Søren Georg Abel (3. januar 17725. mai 1820) var ein norsk prest og stortingsrepresentant.

Abel var fødd i Mo i Telemark, der faren var sokneprest. I 1788 vart han student frå Helsingørs skole og fire år seinare teologisk kandidat. I 1794 vart han personalkapellan hos faren, som då var sokneprest i Gjerstad. Frå 1799 var Abel sokneprest til Finnøy, medan han i 1803 vart farens etterfylgjar som sokneprest i Gjerstad.

På Finnøy engasjerte Abel seg frå 1801 i organiseringa av kystvernet. År 1813 vart han Riddar av Dannebrog for sin dugleik som leiar av kystvernet, og for sin forsvarsiver.

Abel representerte Nedenes amtomframstortinget i 1814. Sjølv om han tala for unionen med Sverige den 20. oktober 1814, høyrde han til dei som høyrde dansketida til. Av den grunn tala han kvasst mot Nicolai Wergeland si bok Danmarks politiske Forbrydelser mod Norge (1816). Ved valet i 1815 vart han 1. varamann, men kom inn att på Stortinget i 1818. Han var då medlem av ni komitear.

Abel ivra for folkeopplysning. Han er mest kjend for katekisme-forklaringa si: Religions-spørgsmaal med Svar. Verket, som kom ut i København i 1806 er prega av den rasjonalistiske oppfatninga av dei kristelege dogma. Boka vart ikkje autorisert, men vart likevel ei mykje nytta lærebok. Ho kom ut i seks opplag.

Abel var far til Niels Henrik Abel. Han døydde på prestegarden i Gjerstad i 1820.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • Religions-Spørgsmaal med Svar, indrettet efter de Unges Fatte-Evner, 1806

Kjelder[endre | endre wikiteksten]