Katekisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristendommen
Icthys-symbolet
Treeininga

Gud Fader | Jesus | Den heilage ande |

Skrifter

Bibelen: GT/NT
katekisme | salmebok

Utøving

Forbøn | gudsteneste | kyrkje | liturgi | nattverd | sabbat  | sakrament
Bøner: «Fader vår» | «Hill deg, Maria» | Jesusbøna

Ei katekisme (av mellomalderlatin catechismus til gresk katekhismos) er ei kort framstilling av den kristelege truslæra og sedelæra.

Luthers litle katekisme[endre | endre wikiteksten]

Luther var den første som brukte ordet katekisme som boktittel. I 1529 gav han ut både den litle, og den store katekisma. Dei er ikkje utdrag av kvarandre, men to ulike teologiske framstillingar av den kristne trua. Den litle katekisma er skrive til «vanlege prestar og predikantar», men er nok først og fremst tenkt til «husfaren» og hans undervisning av husfolket og borna sine. Katekisma har hatt stor påverknad, både som lærebok i skulen, men også som vedkjenningsskrift.

Den litle katekisma har fem partar:

I tillegg kjem morgon- og kveldbøner, bordbøner og hustavla.

Forklaringa[endre | endre wikiteksten]

På 1700-talet kom det fleire utgåver av Petter Dass sine katekismesongar. Her tittelblad av utgåve frå 1750, etter foto i Årbok for Helgeland2006

Petter Dass skreiv i sine katekismesongar (1698, trykt 1715) ei forklåring til kvart ledd i Luthers katekisme, Forfattet i beqvemme sange. Under pietismen vart Erik Pontoppidan si bok Sandhed til gudfrygtighed (1737), ei katekismeforklåring med spørsmål og svar, mykje brukt i konfirmasjonsundervisninga og kristendomsundevisninga. I 1891 vart Elias Blix si omsetjing av katekisma til landsmål tillaten brukt ved den offentlege religionsundervinsinga i Noreg. Sidan har forklaringa komme i fleire utgåver på norsk.

Katekisma i andre kyrkjer[endre | endre wikiteksten]

Den katolske kyrkja si offisielle katekisme Catechismus Romanus vart skriven for prestar i 1566. Peter den store fekk i 1723 utarbeidd ei russisk-ortodoks katekisme til bruk for ungdommen.

Sjå au[endre | endre wikiteksten]