Søvn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sovande elefant

Søvn eller svevn er den livsviktige, naturlege tilstanden av kroppsleg kvile som alle pattedyr og fuglar, så vel som mange andre dyr, erfarer regelmessig og normalt minst ein gong i døgeret. Han er nødvendig for rehabilitering av kropp og sinn, utan at mekanismane heilt er forstått enda.

Fysiologiske endringar, samanlikna med den vakne tilstanden, er mellom anna redusert puls, stoffskifte og kroppstemperatur, lukka augo, utvida blodårer og avslappa skjelettmuskulatur. Medvett er reversibelt nedsett. Den sovande er lite mottakeleg for stimuli frå omgjevnaden. Organismar som er frårøva søvn, søv meir og/eller djupare ved høve seinare. Under søvn er kroppsposisjonen som regel artsstypisk.

Sovande menneskebarn

Hjå mennesket er søvnen delt opp i fleire periodar, kvar på ca. 90 minutt, som avløyser einannan. Innanfor kvar periode finn som regel både REM- og NREM-søvn stad. Auga rører på seg i REM-søvnen (engelsk: rapid eye movement); hjernen er då minst like aktiv som på dagtid og det er då minneverdige draumar skjer. NREM-søvn (ikkje-REM) blir delt i fire stadier: to som er lette og to som er djupe, dog tendensen no er å slå saman dei to djupe til ein. Av åtte timar søvn er normalt om lag halvparten lett søvn. Søvn er ein fase av kroppen sin døgnrytme, basert på ein syklus på om lag 24 timar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Søvn