SS «Flying Enterprise»

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
SS «Flying Enterprise»
Type: lasteskip
Eigar: American Export-Isbrandtsen Lines
Byggjenummer: 360
Djupgang: 8,40 meter
Det søkkande SS «Flying Enterprise» (øvst til venstre) set frå USS «General A. W. Greely» (AP-141) den 29. desember 1951.

SS «Flying Enterprise» var eit skip av C1-B typen bygd i 1944 i USA. Det vart opphavleg døypt «Cape Kumakari» og gjorde konvoiteneste under andre verdskrigen..

I 1947 vart fartøyet selt til det amerikanske reiarlaget Isbrandtsen Company, der namnet vart endra til «Flying Enterprise». Det gjorde frå no av teneste på den nordlege delen av Atlanterhavet dei følgjande fem åra som alminneleg fraktskip.

Då skipet i desember 1951 forlét Hamburg med destinasjon New York, hadde det ei last av bilar, råjern, ei ukjend mengd kontantar, og dessutan ubekrefta radioaktivt materiale på fem tonn for den fyrste amerikanske atomdrevne undervassbåten USS «Nautilus».

Tidlegare var alle skip nagla, men den nye og hurtige teknikk under andre verdskrigen var sveiste skip nytta. Libertyklassen var såleis òg sveiste. Likevel viste det seg at særleg midten av skroget hadde eit problem ved sveising, noko som også galdt «Flying Enterprise». Såleis oppdaga ein den 28. desember i særs hard sjø og ca. 300 sjømil frå England at skipet byrja rakna i skroget, like aktar for overbygningen. Besetninga gjorde mellombelse reparasjonar før ein freista å halda fram seilasen.

Den neste morgonen byrja skipet å krenga kraftig med ei slagside på 45°. Dei avgjorde då å forlata skipet, og sende opp nødsignal. Det amerikanske troppetransportskipet «General A.W. Greely» og det amerikanske dampskipet «Southland» reagerte og kom til unnsetning. Besetning og passasjerar vart evakuerte og redda, med tap av berre eit menneskeliv. Kapteinen på skipet, den danskfødde Kurt Carlsen, valde å verta ombord. Han nekta å forlata skipet før det anten sokk eller var vorte buksert til ei sikker hamn.

Den engelske slepebåten «Turmoil» kom til den 3. januar og gjorde fleire forsøk på å etablera eit slep, men utan resultat. Neste dag, den 4. januar, fekk Carlsen selskap av styrmannen på slepebåten Kenneth Dancy, og saman fekk dei etablert eit slep og påbyrja buksering med England som destinasjon. På dette tidspunktet var slagsida på skipet mellom 60 og 65°.

Bukseringa var ein suksess, inntil 40 sjømil frå den engelske byen Falmouth. På dette tidspunktet rauk slepetauet. Det vart gjort fleire forsøk på å gjenetablera samband med slepebåten, men alle utan resultat. Krenginga var no omkring 80°, og skipet låg så lågt i vatnet at Carlsen og Dancy såg seg nøydde til å forlata skipet, som sokk den 10. januar 1952.

Seinare har det vore mangfaldige spekulasjonar over kvifor kapteinen heldt ut så lenge. Det har mellom anna vore teoriar om at lasta inneheldt stats- eller militærhemmelege saker.[1]

Det er no kome fram at båten var lasta med zirkonium – eit metall som tyskarane kunne utvinne under annan verdskrig. Det skulle nyttast som ein del av ei brenselcelle i atomreaktoren i den atomdrevne undervassbåten USS «Nautilus».

I 2002, 50 år etter forliset, var ein privat ekspedisjon nede ved vraket. Den kunne konstatera at det var eit hol i sida av skroget, og dessutan at den løynlege lasta var vorten fjerna.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Carlsen: Så løb Dancy og jeg ud ad skorstenen og sprang i havet». Seniorlife. Arkivert frå originalen 14. oktober 2009.