START-avtalane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

START-avtalane (eng: Strategic Arms Reduction Treaty) er tre avtaler om atomvåpenreduskjon mellom Sovjetunionen, seinare Russland, og USA.

START I-avtalen[endre | endre wikiteksten]

START I-avtalen vart underskriven 31. juli 1991 mellom presidenten av USA, George H.W. Bush, og leiaren av Sovjetunionen, Mikhail Gorbatsjov.

Avtalen tok meir enn 9 år å forhandla fram. Han reduserte kvar av partane sina strategiske atomvåpen med meir enn 35 % over 7 år. Sovjetunionen sina landbaserte ballistiske rakettar skulle reduserast med 50 %. Dette var den første store våpenreduksjonsavtala mellom USA og Sovjetunionen sidan SALT-avtalane, signert i 1972 og 1979, som òg avgrensa mengda avlangtrekkjande atomvåpen. START I-avtala gjekk òg lenger, med å forplikta supermaktene til å redusera arsenala sine av atom-rakettar og bombefly, enn å berre avgrensa seg til å hindra vidare ekspansjon.

START II-avtalen[endre | endre wikiteksten]

START II-avtalen vart underskriven 3. januar 1993 mellom den russiske presidenten Boris Jeltsin og George H.W. Bush. Avtalen vart ratifisert av den amerikanske kongressen i 1996 og av det russiske parlamentet i 2000.

START II-avtalen inneheldt ei avtale om å skrapa ytterlegare 3000-3500 atomstridhovud, den største reduksjonen i atomvåpen nokosinne. I tillegg skulle sjøbaserte atomvåpen reduserast til 1750 (for kvar av partane) og alle atomvåpen med fleire atomstridshovud ville fjernast.

Som ein del av avtala overførte Kviterussland, Ukraina og Kasakhstan alle atomstridshovud på sine territorium til Russland, og rakettane vart etterpå øydelagde.

I 1997 vart den amerikanske presidenten Bill Clinton og Boris Jeltsin samde om å forlenga tidsfristen for START II-avtalen til 2007, og dessutan å byrja forhandlingar på ein START III-avtale for framtidige reduksjonar.

Moskva-avtalen[endre | endre wikiteksten]

I 2002 vart START I- og START II-avtalane erstatta av ein avtale som vart signert av begge partane 24. mai 2002. George W. Bush og den russiske presidenten Vladimir Putin signerte då SVART-avtalen (Strategic Offensive Reductions Treaty), betre kjent som Moskva-avtalen. Målet til avtalen er ein reduksjon av atomstridshovud innan 2012 på kvar side, frå mellom 6000-7000 ned til mellom 1700 og 2200 atomstridshovud. START II-innhaldet til avtalen om å øydeleggja måtar å levera atomvåpen på, som bombefly, undervassbåtar og andre ramper, vart ikkje rørt i Moskva-avtalen.

START III-avtalen[endre | endre wikiteksten]

START III hadde som mål å redusera mengda atomvåpen på kvar side til mellom 2000 og 2500. Det ville medført ein 30-45 % reduksjon frå mengdene i START II. Avtalen skulle etter planen innførast innan desember 2007, og ville inkludert m.a. avtaler og metodar å kontrollera øydelegginga av atomstridshovud. Avtalen vart likevel aldri signert.

New START[endre | endre wikiteksten]

Presidentane Barack Obama og Dmitrij Medvedev underskreiv avtalen New START 8. april 2010.

Gjennomføring av START-avtalane[endre | endre wikiteksten]

Reell gjennomføring av dei to første avtalane byrja ikkje før desember 1994, og måla i START I-avtalen vart ikkje nådd før i 2001.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]