Saint-Marc

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 19°7′N 72°42′W

Saint-Marc is located in Haiti
Saint-Marc avmerkt på Haiti-kartet

Saint-Marc (haitisk: Sen Mak) ein ein hamneby på vestkysten av Haiti, i departementet Artibonite. I 2003 hadde kommunen som byen ligg i, 160 181 innbyggjarar.

Hamna i Saint-Marc er i dag den mest brukte til import av forbrukarvarer til landet, fordi ho ligg eit stykke unna det ustabile og trafikkerte Port-au-Prince, i tillegg til at ho ligg sentralt for relativt mange byar i Haiti, som Cap-Haïtien, Carrefour, Delmas, Desarmes, Fond-Parisien, Fort-Liberté, Gonaïves, Hinche, l’Artibonite, Limbe, Pétionville, Port-de-Paix og Verrettes. Desse byane og områda rundt inneheld nesten åtte av dei ti millionar innbyggjarane i Haiti per 2010.

I 1905 bygde Compagnie Nationale, det nasjonale jernbaneføretaket, ei 100 km lang jernbane nord til Saint-Marc frå hovudastaden Port-au-Prince. Ho vart seinare forlengt 30 km austover til Verrettes.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]