Sommar-OL 1904

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sommar-OL 1904
Utøvarar
Menn
Kvinner
Totalt 0
[[Dei olympiske {{{sesong}}}leikane]]
1900 Olympic rings with white rims.svg 1906

Sommar-OL 1904 vart halde i USA, og vertslandet vart òg beste nasjon. Noreg fekk to gullmedaljar.

Leikane var opphavleg tildelt Chicago, men ettersom Saint Louis skulle hysa verdsutstillinga det året insisterte dei på å arrangera leikane i tillegg, med trugsmål om å halda eigne, konkurrerande idrettsarangement dersom så ikkje skjedde.

Som Paris-leikane i 1900, som òg vart haldne parallelt med ei verdsutstilling, kom dei olympiske leikane i skuggen av dei betre vitja kulturelle arrangementa. Arrangementa strekte seg over to månader, med heile 96 «olympiske» tevlingar. Berre 42 av dei hadde deltakarar som ikkje var frå USA.

Desse leikane var dei første der ein i tillegg til gullmedalje òg delte ut sølv- og bronsemedaljar til dei som tok andre- og tredjeplass.

Tautrekking vart ei olympisk øving i 1904.

Medaljestatistikk[endre | endre wikiteksten]

Dei beste nasjonane Olympic rings with white rims.svg
Plass Land Gull Sølv Bronse Totalt
1 Flag of the United States.svg USA 78 83 77 238
2 Flag of the German Empire.svg Tyskland 4 4 5 13
3 Flag of Cuba.svg Cuba 4 2 3 9
4 Canadian Red Ensign 1868-1921.svg Canada 4 1 0 5
5 Flag of Hungary.png Ungarn 2 1 1 4
6 Olympic flag.svg Blanda lag 1 1 0 2
7 Flag of the United Kingdom.png Storbritannia 1 1 0 2
8 Flag of Greece.png Hellas 1 0 1 2
9 Flag of Switzerland.svg Sveits 1 0 1 2
10 Flag of Austria.svg Austerrike 0 0 1 1