Sainte-Chapelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Saint-Chapelle med erkeengelen Sankt Mikael på mønet
Rosevindauget, ni meter i tverrmål, syner Apokalypsen.
Kapellet i andre høgda
Taket i kapellet i første høgda

La Sainte-Chapelle, La Sainte-Chapelle du Palais de la Cité à Paris, er eit slottskapell som vart reist i tida 1242 til 1248 for kong Louis IX («Ludvig IX») den heilage av Frankrike ved det som då var det kongelege slottet på øya l'île de la Cité i elva Seinen i Paris. Kapellet vart bygd for å hysa Jesu heilage tornekrone (La Sainte Couronne) og andre relikviar knytte til Jesus. Kong Louis IX, som i katolske område er betre kjend som Saint (Sankt) Louis etter å ha vorte kanonisert i 1297, hadde kjøpt Den heilage tornekrona i 1239.

Slottskapellet er i to høgder. Den undre høgda var for tenarar og andre som var knytte til slottet, den øvre høgda var for reservert kongen og dei som omgav han. Det øvre kapellet hadde soleis berre tilgjenge gjennom passasjar i same høgda frå slottet, ingen inngang utanfrå for ålmenta. Kapellet er på dette viset utforma i samsvar med prinsippa for kongelege slott i mellomalderen med omsyn til å skilje konge og aristokrati frå folk og verksemd som hadde med arbeid og fysisk drift av slottet å gjere.

Kapellet vart skada av brann i 1630, og deretter restaurert over lang tid. Det vart likeeins hardt skada under den franske revolusjonen, og restaurert på 1800-talet. Opphavleg stod det eit lite tilbygg i to høgder attmed absiden, med sakristi i første høgda og eit rom for dei kongelege segla og dokumenta i andre høgda. Dette tilbygget vart rive i 1777.

La Sainte-Chapelle er rekna som eit av meisterverka i den gotiske arkitekturen. Mange ser på dette bygget som sjølve høgdepunktet i gotisk byggekunst, ettersom kapellet i andre høgda stettar krava til at veggane skulle ha størst moglege vindauge. Ein av dei viktigaste ideologiske premissane for den gotiske kyrkjearkitekturen var at veggane skulle erstattast av vindauge så langt råd var, slik at interiøret vart gjort vakkert av ljoset som strøyma inn utanfrå gjennom glasmåleria i vindauga. Mykje vart gjort i mellomalderen for å finne fram dei beste bygningstekniske løysingane, og Sainte-Chapelle vart det fremste for si tid i så måte. Kapellet for kongen og følgjet hans i andre høgda har tolv meter høge vindauge som berre er skilde frå kvarandre av tynne knippe av søyler, glasflatene utgjer til saman 600 m²; to tredelar av glasmåleria er frå 1200-talet, ein tredel er fornyingar frå 1800-talet. Glasmåleria syner religiøse scener som korresponderer med plassane for dei kongelege under gudstenesta; glasmåleria som framstiller den eine av dei bibelske kongane David eller Salomo vart til dømes plasserte i nærleiken av kongen. Arkitekt for kapellet har truleg vore Pierre de Montreuil (Pierre de Montereau), ein av dei største arkitektane i den gotiske perioden. Han nytta metallarmering i muren, ein særs avansert framgangsmåte, uvanleg både på denne tida og seinare.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Jannic Durand, Les reliques de Constantinople, Dossier d'archéologie, Faton, vol. 264 «La Sainte Chapelle», juin 2001, p. 60-65. ISSN 1141-7137

Sainte-Chapelle; Centre des monuments nationaux

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sainte-Chapelle