Sakprosa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sakprosa viser til tekst som tek for seg faktiske tilhøve, i motsetnad til dikting eller skjønnlitteratur. Sakprosatekstar formidlar, orienterer, skildrar, rapporterer eller hevdar visse standpunkt. Ei klar framføring av slik informasjon eller synspunkt får ofte større vekt enn kunstnariske eller personlege uttrykk i slike tekstar. Nokre sakprosasjangrar er artikkel, bruksanvising, foredrag og rapport.

Teoretisk og historisk sett er det vanskeleg å setja eit klart skilje mellom sakprosaen og skjønnlitteraturen. Sakprosaen har alltid nytta retoriske og forteljartekniske verkemiddel som ein vanlegvis knyter til skjønnlitteratur, medan skjønnlitteraturen òg kan formidla kunnskap, innsikt og engasjement rundt visse emne og problem. Visse sjangrar ligg i grenselandet mellom sakprosa og skjønnlitteratur, til dømes essay og kåseri. Andre kan vera vanskelege å plassera heilt som det eine eller det andre, til dømes biografiske og historiske verk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]