Samansluttinga av søraustasiatiske statar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Association of Southeast Asian Nations (orthographic projection).svg

Samansluttinga av søraustasiatiske statar (engelsk Association of Southeast Asian Nations, forkorta ASEAN) er ein internasjonal organisasjon med dei fleste landa i Søraust-Asia som medlemmar. ASEAN har som føremål å styrka den økonomiske, sosiale, og kulturelle utviklinga i regionen. Hovudkontoret ligg i Jakarta i Indonesia.

Organisasjonen vart skipa 8. august 1967 i Bangkok av Indonesia, Malaysia, Filippinane, Singapore og Thailand.

Brunei vart medlem i 1984, Vietnam i 1995, Laos og Myanmar i 1997 og Kambodsja i 1999.

Alle medlemslanda har underskrive SEANWFZ-avtalen, som slår fast at Søraust-Asia skal vera fri for kjernevåpen. Avtalen vart verksam i 1997.

Medlemsland[endre | endre wikiteksten]

År Land
1967 Flag of the Philippines.svg Filippinane
1967 Flag of Indonesia.svg Indonesia
1967 Flag of Malaysia.svg Malaysia
1967 Flag of Singapore.svg Singapore
1967 Flag of Thailand.svg Thailand
1984 Flag of Brunei.svg Brunei
1995 Flag of Vietnam.svg Vietnam
1997 Flag of Laos.svg Laos
1997 Flag of Myanmar.svg Myanmar
1999 Flag of Cambodia.svg Kambodsja

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med samfunn å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.