Lukke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Leande ungar. Latter kan vera eit uttrykk for lukke. Men i følge Aristoteles kunne ikkje ungar oppleva lukke fordi dei ennå ikkje var fullt utvikla menneske.[1]
Foto: David Shankbone

Lukke eller lykke er eit positivt omgrep som kan visa til medgang, god lagnad eller flaks, eller det å vera lukkeleg, ei varig kjensle av glede eller velvære, også kjend som sæle. Omgrepet blir brukt innan filosofi, religion og psykologi, med noko ulike definisjonar og forståingar av innhaldet. I nyare tid har det utvikla seg ein ny vitskap, lukkeforsking, som prøver å måla kor lukkelege folk er, og kva som verker inn på dette.

Tru[endre | endre wikiteksten]

Ei kristen europeisk framstilling av paradiset frå 1400-talet i Les Très Riches Heures du duc de Berry.

Religion og folketru kan lova truande lukke, anten i dette livet eller det neste, gjennom til dømes rett oppførsel, seremoniar eller andre lukkebringande handlingar. Det er vanleg å ønskja folk lykke, med uttrykk som «Lykke til!» eller «Tvi tvi!» Ulike handlingar, som å kryssa fingrane eller seia «prosit» når nokon nys, er også opphavleg meint å vera lykkebringande. Ein kan bera amulettar eller lukkebringande klede for å tiltrekka lukke og avverja ulukke. Tankeretningar som astrologi og feng shui går ofte ut på å prøva å påverka det som fører til lukke eller ulukke.

Eit lukkeleg liv etter døden blir ofte omtala som Himmelen eller Paradis. Dette kan vera ei førestilling om ein stad der ein har det bra heile tida, til dømes ved at ein alltid kan eta god mat eller møter alle ein har kjær, eller at ein er lukkeleg på grunn av nærleik til Gud. Dharma-religionar lærer at ekte lukke etter døden er å lausriva seg frå ønske, også om materiell lukke. Hinduismen opererer til dømes både med eit ønskeparadis, Svarga, og lukke gjennom lausriving, moksja.

Filosofi[endre | endre wikiteksten]

I gammal gresk filosofi var lukke og det gode livet eit viktig og omdiskutert emne. Tre ulike hovudsyn legg vekt på anten nyting, intellektuell utvikling eller deltaking i samfunnslivet.[1] Aristoteles hevda at å oppnå lukke var meininga med livet, noko seinare filosofar som John Locke også meinte. Jeremy Bentham grunnla utilitarianismen, som hadde som mål å oppnå størst mogleg lukke for flest mogleg.[2]

Forsking[endre | endre wikiteksten]

Lukkeforsking inneber å samanlikna korleis folk skildrar si eiga lykkeoppleving i ulike samfunn til ulike tider. Forskinga prøver å finna ut kva faktorar som fører til at ein opplever lukke, og tidvis kva eit samfunn kan gjera for å bli lukkelegare. Ein har funne ut at gode familietilhøve, god helse, sosial tillit, personleg fridom, meiningsfullt arbeid og økonomisk tryggleik aukar lukkenivået, medan faktorar som velstand ikkje nødvendigvis gjer det.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Bjarne Riiser Gundersen: «Ny lykkeforskning» Arkivert 2006-10-03 ved Wayback Machine. (forskning.no, 19.mai 2004)
  2. Lars Peder Nordbakken: Lykkeforskning - et farlig politisk redskap i Minerva
  3. Per Kristian Bjørkeng Lykke, den nye ideologien? i aftenposten.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]