Samsø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Samsø
Maarup Østerstand på Samsø
Maarup Østerstand på Samsø
Geografi
DenmarkSamsø.png
Stad Kattegat
Koordinatar 55°52′N 10°37′E
Areal 112 km²
Administrasjon
Land Danmark
Kommune Samsø kommune
Demografi
Folketal 4 124 (2006)
Folketettleik 36 /km²

Samsø er ei dansk øy i Kattegat, 15 km frå Jylland. Samsø høyrer til Samsø kommune, og har 4 124 innbyggjarar (2006) og eit areal på 114 km². På grunn av den sentrale plasseringa vart øya brukt som ein møtestad i vikingtida, og namnet på øya kjem òg frå denne tida. Namnet har sitt opphav i ordet «samle».

Geografisk er øya delt i tre område:

  1. Nordøya
  2. Stavns Fjord
  3. Sørøya

Kvart år i juni og juli kjem det mange franskmenn, wallisarar og irar her for å plukke jordbær. I Denmark er øya velkjend for dei tidlege potenene frå øya. Dei første potetene kan gå for opp mot 1000 kr, og vert rekna som ei stor delikatesse. I 1997 vann øya ein konkurranse som hadde pågått i 10 år, for å sjå om det er mogeleg å berre nytte fornybar energi. Til no har ein stort sett berre nytta vindkraft, og fleire av innbyggjarane på øya er medeigarar i turbinane. Enkelte av desse står utasjærs. Eit energiakademi skal opnast i Ballen tidleg i 2007, og vil inkludere eit gjesteområde for opplæring.

I klårvêr kan ein sjå halvøya Helgenæs i nord.

Norrøn mytologi[endre | endre wikiteksten]

På denne øya skal det i følgje Saxo Grammaticus ha vore eit legendarisk slag mellom den svenske meistaren Hjalmar og venen hans Orvar-Odd mot dei tolv sønene til den svenske berserken Arngrim. Slaget var ein gong vidkjend, og vart sunge om i færøyske kvad, i Sagen om Orvar-Odd og Hervararsaga.

I følgje Hervararsaga og Vekkjinga av Angantyr spøkte det i jordvollane etter dei nedslakta berserkane. Dette stogga ikkje Arngrim sitt barnebarn Hervor frå å gå til jordvollane og krevje det forheksa sverdet Tyrfing frå far hennar Angantyr.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]