San Fernando del Valle de Catamarca

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

San Fernando del Valle de Catamarca er hovudstad i provinsen Catamarca nordvest i Argentina. Byen vert i daglegtale berre kalla for Catamarca. Byen dekkjer eit område på 684 km2 og har ein busetnad på om lag 141 000 (2001). Med forstadane er der om lag 200 000 innbyggjarar, om lag 70 % av busetnaden i provinsen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg i dalen Valle de Catamarca, ved foten av det 3220 meter høge fjellet Ambato, 533 meter over havet. Regionen høyrer til Sierras Pampeanas og er mest tørt steppelandskap, men jordkvaliteten er god, noko som gjer at jordbruket er bra.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Spanske busetjarar etablerte den første busetnaden i 1558, den gongen under namnet Londres. Byen låg då der dagens forstad San Isidro del Valle Viejo no ligg. 5. juli 1683 vart byen offisielt grunnlagt av Fernando de Mendoza y Mate de Luna, og skilde samstundes provinsen Catamarca frå provinsen Tucumán.

I 1754 vart den første skulen oppretta i denne provinsen, Colegio de San Francisco. Etter ein sjølvstendedeklarasjon 9. juli 1816, vart den noverande provinsen omfamna av borgarkrig fram til dei fekk sjølvstyre 25. august 1821. Dette varde fram til 1853, når Argentina fekk si eiga grunnlov.

I 1882 hadde byen fått 8000 innbyggjarar, i 1888 vart det første jarnbanenettet oppretta, og litt etter vart ein provinsbank oppretta slik at ein sikra ein viss stabilitet i økonomien.

I starten voks byen sakte, men ei statue av vår frue Maria, helgenen til dalen, gav status blant pilegrimar og byen vart til eit religiøst senter utover regionen. Likevel var regionen lenge fattig og teknisk tilbakeståande samanlikna med resten av landet, noko som den dominerande Saadi-klanen først og fremst har fått skulda for. Motorkøyrety vart ikkje teke nemneverdig i bruk før på 1990-talet.

Sjølv dei siste åra har regionen vore plaga av eit ustabilt politisk klima, og før guvernørvalet i 2003 brann Partido Justicialista-kandidaten Luis Barionuevo valurner for å tvinge fram eit skifte.

Næringsveg[endre | endre wikiteksten]

Jordbruk er den viktigaste aktiviteten for økonomien i San Fernando del Valle de Catamarca, men lite regn gjer at vatning er naudsynt. Bomull og fedrift er viktigast, medan frukt og druer vert dyrka rundt oasane nær byen. Anna lokal produksjon inkluderer først og fremst teppe og ponchoar, men denne får mindre og mindre å seie. I 1970-åra etablerte fleire industriar seg i byen, men klarte aldri å få same dynamikk i næringa som nabobyane La Rioja og San Juan.

Turisme har vorte viktig, både grunna ei idyllisk plassering, samt den koloniale stilen i og rundt byen.