Poncho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chilensk poncho.

Poncho (uttalt påntsjo) er ei kappe laga form av eit firkanta tøystykke med hovudhol i midten. Ponchoen er eit ytterplagg frå Andes i Sør-Amerika som tradisjonelt er blitt laga av dyreull, men seinare også av gummi, plast og ulike kunststoff.

Ordet «poncho» er kome til norsk frå spansk som lånte det frå det amerikanske urfolkspråket quechua. Quechua igjen fekk ordet punchu frå pontro, 'vevd stoff' eller 'teppe' på mapuchespråket mapudungun.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Veving av poncho i Cacha i Cochabamba i Ecuador.
Illustrasjonar av ulike chilenske ponchoar frå 1880-talet.

Den opphavlege søramerikanske ponchoen er laga av grovt handvove ullklede, ofte av to eller tre tøylengdar som er sydde saman. Det tradisjonelle materialet er ull frå alpakka eller lama, sidan koloniseringstida også frå sau. Kledet ein bruker til poncho er gjerne stripa eller har anna mønster. Det kan også vera einsfarga. Plagga kan ha ulik lengde; dei kan nå til livet, til kneet, eller vera endå sidare. Kantane på kledet kan vera lagd langs kroppen, slik at framsida og baksida heng vassrett, eller diagonalt slik at hjørnene dannar spissar.

Nyare ponchotypar kan vera strikka, hekla eller sydd av ulike typar stoff, til dømes vasstett stoff. Dei kan vera meir forma enn den tradisjonelle teppeponchoen, til dømes slik at dei ikkje har hjørner. Nokre ponchoar kan ha hette eller vera samla ved handledda slik at dei får noko som liknar erme.

Mapuchefamilie frå Chile fotografert i 1890 med manta (teppe/lang poncho).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Gatescene frå Bogotá rundt 1860 med europeiske klede og ponchoar.

Ulike typar poncho har vore brukt i Andesområdet i fleire hundreår, lenge før europearane kom til området. Han blei spreidd frå opphavsområdet i Chile, Peru og Argentina nordover til Mexico av conquistadorar. Poncho blei brukt som eit arbeidsplagg av mellom anna gauchoar og huasoar, men blei også del av lokal klesdrakt som eit høgtidsplagg med høg status.

På 1850-talet blei vasstette ponchoar tekne i bruk av militæret i USA som regntøy og laken til bruk på bakken. På 1950-talet blei militærponchoen vidareutvikla med lett nylon- og anna kunststoff, til bruk både som klesplagg og til å laga telt. Liknande ponchoar blir brukt av turgåarar. Det finst også eigne regnponchoar til mange typar bruk. Alle desse ponchoane er som regel laga av lett vasstett stoff som gjer at dei lett kan leggjast saman og takast med.

Poncho blei eit moteplagg på 1960-talet, då også andre «etniske» klede som kaftan blei tekne i bruk. Han var assosiert med den samtidige motkulturen og hippierørsla, men blei også gjort kjend av Clint Eastwood i fleire westernfilmar. Plagget kom tilbake i motebildet tidleg i 2000-åra.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Ponchoar og poncholiknande plagg finst under ulike namn i heile Sør-Amerika.

  • Chamanto er ein type poncho frå sentrale Chile av silke og ull. Han er kjenneteikna av at han kan vendast, med ei mørk og ei lys side. Den mørke sida vender ein gjerne ut om dagen og den lyse om kvelden.
  • Jorongo, også kalla serape, sid poncho av mjukt stoff assosiert med Mexico
  • Gaban er eit namn for poncho frå Michoacán i Mexico
  • Ruana er ein type poncho frå Andesregionen i Colombia og Venezuela
  • Zarape eller sarape kan vera eit namn for poncho laga i Coahuila i Mexico, eller eit dekorativ teppe utan hòl som ein ber over skuldra.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Lukka, den samiske ponchoen

Bildedøme[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Poncho

Kjelder[endre | endre wikiteksten]