San Giorgio Maggiore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
San Giorgio Maggiore og Venezia.
San Giorgio Maggiore.

San Giorgio Maggiore er ei øy i Venezialagunen, aust for Giudecca og sør for sjølve Venezia. Øya er omgjeve av Canale della Grazia, Canale della Giudecca, Bacino di San Marco, Canale di San Marco og den sørlege lagunen. Ho dannar delar av bydelen San Marco.

Øya var truleg busett i romartida, og etter Venezia vart grunnlagd vart ho kalla Insula Memmia etter Memmo-familien som eigde ho. I 829 hadde ho ei kyrkje tileigna St. Georg og vart derfor kalla San Giorgio Maggiore for å skilje ho frå San Giorgio in Alga.

Benediktinarklosteret på San Giorgio vart oppretta i 982dogen Tribuno Memmo donerte heile øya til munken Giovanni Morosini. Munkane drenerte myrene på øya ved sida av kyrkja for å få fast grunn til å byggje klosteret på.

San Giorgio er mest kjend for San Giorgio Maggiore-kyrkja, teikna av Palladio og påbyrja i 1566.

Tidleg på 1800-talet, etter Republikken Venezia sitt fall, vart klosteret nesten lagt ned og øya vart ei frihamn med ei ny hamn bygd i 1812. Her låg òg artilleriet til Venezia.

Ho er i dag hovudkvarter for Cini-stiftinga sitt kunstsenter, som er kjend for biblioteket sitt. Her ligg òg det friluftsteateret Teatro Verde.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: San Giorgio Maggiore

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 45°25′41″N 12°20′37″E