Artilleri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kanoner i utstilling ved Fort Point i USA
Artillerimannskap frå den amerikanske revolusjonen
Avfyring av ei 10-kg kanon, Louis-Philippe Crepin, (1772 – 1851)

Artilleri refererer vanlegvis til maskineriet som vert brukt for å avfyre store prosjektil under krig, styrt av eit mannskap. Uttrykket vert òg brukt om våpenarta, som består av soldatar utrusta med slike våpen. Uttrykket dekkjer kystartilleri, som vanlegvis vernar kystområda for angrep frå sjøen og kontrollerer passerande skip, feltartilleri, og luftvernsartilleri, som kom i samband med flya på byrjinga av 1900-talet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ordet vart først brukt i denne samanhengen i mellomalderen. Frå 1200-talet refererte artillier til ein som bygde krigsutstyr, og dei neste 250 åra dekte ordet alle former for militære våpen.

Eldre maskineri som katapult, onager, trebuchet og ballist er artilleri, men det moderne uttrykket går tilbake til 1400-talet med bombekastarar og kanoner.

Bombekastarane er dei tidlegaste artilleria som brukte krut. Dei var vanskeleg, om ikkje umogeleg, å flytte på og var ofte upålitelege. Då kanonen kom var desse montert på forstell som kunne dragast rundt av hestar, slik at ein kunne flytte dei rundt og støtte ein hær i kamphandling, i staden for å berre verte brukt i omleiringar og statiske forsvar. Kanonane måtte alltid ladast i munningen, og etter kvart utvikla jarnstøypinga seg slik at det ofte farlege botnstykket vart fjerna. Å operere ei kanon var likevel komplisert, og ofte måtte dei settast raskt opp og i stressande situasjonar, der feil ofte kunne vere fatale. Sjølv om dei kunne flyttast på var dette ofte vanskeleg, særleg om ein skulle opp ei skråning som var meir enn eit par grader bratt, og ofte måtte det mykje mannskap til for å skubbe kanonane oppover. Det var òg svært utmattande å trekke seg tilbake under slag.

Første gong artilleri med krut vart dokumentert på ei slagmark var 28. januar 1132. General Han Shizhong frå Songdynastiet brukte stormstigar og artilleri for å ta byen Fujian frå mongolarane.

Kombinasjonen av skot og krut på ein gong, ei skarp patron, oppstod på 1620-talet med ein enkel pose av tøy, og denne vart raskt tatt opp av alle nasjonar. Det gjorde det raskare og sikrare å lade, men fragment frå posane smussa til kanonløpet og det vart utvikla ein ny reiskap, ei krafse, for å fjerne smusset. Granatar, prosjektil som var fylt med eksplosiv, vart òg utvikla, men det var ofte problem med avfyringsmekanismane. Etter kvart utvikla ein meir spesielle artillerivåpen, skipsartilleri, haubitsar og bombekastarar, som og vart utvikla i denne perioden. Enkelte hemmelege våpen vart òg utvikla, som fleirløpskanonen ribauldequin.

Merkeleg nok stoppa nesten utviklinga av kanonen på 1800-talet, sjølv om ein gjorde store framsteg i metallurgi, kjemi, fabrikkindusti og andre vitskapar. På 1860-talet utvikla teknologien seg raskt for handskytevåpen. Dette gjorde at geværmenn kunne angripe dei store kanonmannskapa og ammunisjonslagra. Derfor kunne ein ikkje lenger bruke kanoner på slagmarka, og dei måtte anten bli mindre og lettare, eller dei måtte halde seg lenger unna. Det andre valet, med å bruke indirekte eld, førte til utviklinga av teknologiane og doktrinane som har produserte det moderne artilleriet.

Moderne artilleri[endre | endre wikiteksten]

Skipskanon frå tidleg på 1800-talet.
Fransk skipskanon frå seint på 1800-talet.

Moderne artilleri er som regel større og kan avfyre eksplosive granatar eller rakettar, og er av ein slik storleik og vekt at dei krev spesielle kanonlavettar for og avfyrast og transporterast. Våpen som kjem inn under artilleri i dag er «kanoner» som haubitsar, bombekastarar, feltkanoner og rakettartilleri. Visse bombekastarar er derimot laga som handvåpen i staden for artilleri.

Uttrykket «artilleri» har vanlegvis ikkje vorte brukt om prosjektil med indre fjernstyringssystem, sjølv om enkelte artillerisystem brukar bakke-til-bakke missilar. Framskritt med fjernsstyringssystem for lette våpen har etter kvart gjort at uttrykket er vorte noko utviska.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Dei forskjellige typane kanonartilleri vert vanlegvis skilt frå kvarandre ut i frå farten dei kan fyre av prosjektil. Skipskanonar eller støttekanoner for infanteri har vanlegvis lange løp, låg trajektorie og høg fart, og er hovudsakleg laga for episodar der ein treng direkte eld. Vanlegvis er lengda på kanonløpet meir enn 25 gonger kaliberet (den indre diameteren i løpet).

Haubitsar er forholdsvis korte, og kan avfyre skot i både høg og låg vinkel. Dei vert oftast brukt i samband med indirekte eld (avfyring mot mål som er utanfor mannskapet si synsvidde) og kan brukast til gje vern mot eld frå sida. Vanlegvis er lengda på ein haubitskanon mellom 15 og 25 gongar større enn kaliberet. Det norske forsvaret brukar motoriserte felthaubits M109 A3GN.

Bombekastarar er mindre, med låg fart og avfyrer med høg vinkel som gjer at at dei har forholdsvis kort rekkevidde. Vanlegvis er bombekastarløpet mindre enn 15 gonger kaliberet.

Moderne feltartilleri kan delast inn i to andre kategoriar: Dei som ein må taue, og dei som er motoriserte og kan flytte seg på eiga hand.

Undertypar[endre | endre wikiteksten]

  • Feltartilleri - mobile våpen som vert brukt for å støtte ein hær på ei slagmark. Undertypar av denne er:
    • støttevåpen for infanteri - artilleri som følgjer infanteristar (vert lite brukt lenger)
    • fjellvåpen - lette våpen som kan flyttast gjennom vanskeleg terreng.
    • haubits - kan avfyre i høg vinkel eller låg vinkel med eit langt løp.
    • bombekastar - våpen som avfyrer prosjektil med ein vinkel meir enn 45º over horisonten.
    • rakettartilleri - brukar alternativ drivkraft.
Ei britisk 27-kg (125 mm) kanon under full rekyl på slagmarka nær Gallipolli i Tyrika i 1915.
  • Motorisert artilleri - vanlegvis kanoner, bombekastarar eller haubitsar som er festa til eit køyretøy.
  • Skipskanon - kanoner som er festa på krigsskip og kan enten brukast mot andre skip eller for støtte bakketroppar. Slagskipa utvikla seg etter kvart til å ha kanoner på opp til 450 mm kaliber, men på grunn av auka luftmakt og betre missil har denne forma for artilleri nesten forsvunne.
  • Kystartilleri - Stasjonære våpen som vert brukt til å verne ein stad, vanlegvis ein kyst eller ei hamn. Sidan desse ikkje treng flyttast på, har dei ofte vore større enn feltartillerikanoner, med lengre rekkevidde og meir øydeleggjande kraft. Moderne kystartilleri er ofte motoriserte (for å unngå motangrep).
  • Luftvernsartilleri - våpen, vanlegvis mobile, som er laga for å angripe fly frå bakken. Enkelte våpen vart utvikla for å kunne angripe både fly og stridsvogner. 88-mm kanonen som tyskarane brukte under Andre verdskrig er eit vidkjent døme. Norsk luftvernsartilleri består av missila Robot 70 og NASAMS, samt luftvernkanonar i 20 og 40 mm kaliber.

Artilleriammunisjon[endre | endre wikiteksten]

Slagskipammunisjon: Artillerigranater på 40 cm om bord eit amerikansk slagskip.

Artilleriammuinsjonen er bygd opp av fire komponentar

  • Initialladninga
  • Drivladinga
  • Prosjektilet
  • Brannrøyret

Alle former for artilleri krev ei drivkraft som fører prosjektilet til målet, og ein mindre ladning til å starte drivladningen. Det vanlege har vore at kruteksplosjonar inne i kanonløpet har drive prosjektilet ut av løpet og framover. Dei siste 50 åra har ein også utvikla rakettdrivne prosjektil og rekylfrie våpen med opne bakstykke.

Granaten er sjølve prosjektilet i artilleriet. Den kan innehalde alle moglege former for eksplosiv, som høgeksplosiv, panserbrytande holladningar, plastiske eksplosiv, eller det kan vere cargoammunisjon som inneheld brannstiftande materiale, røyk, brennande lys, delladningar (bomblets), miner, giftige kjemiske og biologiske stoff (forbode etter Geneve-konvensjonane) og tilmed atominnretningar.

Fremst på granaten sit eit brannrøyr som avgjer korleis granaten skal omsetjast (eksplodere, opne seg). Ein har brannrøyrsmekanismar som løyser ut når granaten slår i bakken, etter ei viss tid eller i ei viss høgd. Dette er meir dødeleg enn om eksplosjonen skjedde i bakkenivå. Den siste typen omsetjingssmekanismar vart først brukt på slagmarker i Europa seint i desember 1944, og førte til at ein meir effektivt kunne bryte saman dei tyske angrepa.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Artilleri