San Marino i San Marino

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
San Marino
Blick von san marino.jpg
Flagget til San Marino i San Marino Byvåpenet til San Marino i San Marino
Flagget til San Marino i San Marino Byvåpenet til San Marino i San Marino
Styresmakter
Land Flag of San Marino.svg San Marino
Grunnlagd 4. september 301 (tradisjonell dato)
Capitano Alessandro Barulli
Geografi
Flatevidd
 - By

7,09 km²
Innbyggjarar
 - By (2003)
   - folketettleik

4493
  634/km²
Koordinatar 43°56′″N 12°26′″EKoordinatar: 43°56′″N 12°26′″E
Høgd over havet 749 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse anna
Postnummer RSM-47890
Plassering
Plassering av  San Marino i San Marino

Byen San Marino er hovudstad i Republikken San MarinoDen italienske halvøya, nær Adriahavet. Byen har om lag 4500 innbyggjarar. Han ligg på vestsida av det høgaste fjellet i San Marino, Monte Titano.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om han er hovudstaden, ligg dei fleste føretaka i Borgo Maggiore. Han er den tredje største byen i landet, etter Dogana og Borgo Maggiore. Han grensar til dei sanmarinske kommunane Acquaviva, Borgo Maggiore, Fiorentino og Chiesanuova, samt den italienske kommunen San Leo.

Akademio Internacia de la Sciencoj San Marino ligg her.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen vart grunnlagd av Sankt Marinus og fleire kristne flyktningar i år 301. Frå den gong vart byen eit senter for kristne flyktningar som flytta frå forfølginga til romarane. Som følgje av dette vart byen den eldste republikken i Europa, for området til republikken den gong omfatta berre byen San Marino.

Hjarte av byen vart verna tre torn, det første Guaita, vart bygd på 1000-talet, og var kjend for å vere umogeleg å ta. Dette var medverkande til at byen stort sett fekk vere i fred.

Under krosstoga følte ein at det var naudsynt å byggje eit nytt tårn, Cesta (1200-talet). Men det sanmarinske forsvarssystemet var ikkje komplett før eit tredje tårn vart bygd, Montale (1300-talet) - det minste av dei, som vart bygd på den høgaste toppen Monte Titano.

Etter kvart som folketalet auka voks landområdet til byen med eit par kvadratkilometer. Sidan sanmarinarane hadde som mål å ikkje invadere eller gå til krig for å oppnå nye landområde, fekk dei tak i dei andre ni castelli som utgjer republikken San Marino gjennom kjøp og avtalar.

Kretsar[endre | endre wikiteksten]

Byen San Marino er delt inn i følgjande kretsar (curazie):

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Økonomien til byen er tett knytt til økonomien til heile landet. Nyleg var ein av hovudnæringane hogging av stein, men i dag er økonomien meir variert og omfattar turisme, handel, sal av frimerke og ein liten jordbruksindustri.

Palazzo Pubblico, rådhuset.
Guaitatårnet.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Byen vert vitja av meir enn tre millionar menneske kvart år og har etter kvart utvikla seg til eit turistsenter. Av turistane er 85 % italienarar.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Transport[endre | endre wikiteksten]

Byen er kjend for lange, svingete brusteinsgater. I store delar av byen er det ikkje lov med motoriserte køyretøy.

Før den andre verdskrigen vart det bygd jernbane frå byen til Rimini under Benito Mussolini. Tunnelane og jernbanestasjonen finst framleis. Det har vore snakk om å opne jernbanelinja på ny.

Kjende personar frå San Marino[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: San Marino i San Marino

Kjelder[endre | endre wikiteksten]