Rimini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rimini
Rimini Montage.jpg
Plassering
Rimini is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Emilia-Romagna
Rimini
Borgarmeister Alberto Ravaioli
Geografi
Flatevidd
 - By

134 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

138 060
  1029/km²
Koordinatar 44°3′″N 12°34′″EKoordinatar: 44°3′″N 12°34′″E
Høgd over havet 6 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 47900, 47811-47812, 47831
Telefon-retningsnummer 0541
Nettstad: www.comune.rimini.it

Rimini er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Rimini i regionen Emilia-Romagna og har om lag 140 000 innbyggjarar. Byen ligg ved Adriahavet mellom elvane Marecchia og Ausa. Sjøfart og fiske er tradisjonelle næringar og i lag med Riccione er han truleg av dei aller mest kjende feriestadane ved Adriahavet i Italia.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Antikken[endre | endre wikiteksten]

Romarane grunnla kolonien Ariminum ved elva Ariminus i 268 fvt. i eit område som tidlegare var busett av etruskarar, umbrarar, grekarar og gallarar. Namnet på kolonien kom truleg frå elva.

Byen vart sett på som ein bastion bot dei inntrengande gallarane og som eit springbrett for å erobre Posletta. Rimini var eit trafikknutepunkt mellom Sentral-Italia (Via Flaminia) og Nord-Italia (Via Aemilia som førte til Piacenza og Via Popilia) og opna òg opp handel til sjøs og på elva.

På 500-talet fvt. vart han tatt av gallarane, men etter det siste nederlaget deira i 283 fvt. gjekk han til umbrarane og i 263 fvt. vart han ein latinsk koloni som seinare hjelpte romarane under gallarkrigane.

Byen var involvert i borgarkrigane, men var på dei sigrande si side og trufast mot Marius og Julius Cæsar. Etter å ha kryssa Rubicon sa Cæsar den vidkjende appellen til legionen sin i forumet i Rimini.

Fleire av keisarane, som Augustus og Hadrian viste interesse i byen og denne perioden var ei stordomstid for Rimini der det vart bygd mange flotte monument som Augustusbogen, Tiberiusbrua og amfitetater, og Galla Placida bygde San Stefano-kyrkja.

Under fallet til Romarriket vart det gjort store øydeleggjingar i byen på grunn av invasjonar og krigføring, men Rimin var òg ein stad der det vart bygd fleire palass og dei første kyrkjene, som var eit symbol på utbreinga av kristendomen. I 359 vart det mellom anna halde eit viktig råd her.

Mellomalderen[endre | endre wikiteksten]

gotarane erobra Rimini i 493 vart Odoacer omleira i Ravenna og måtte kapitulere. Under gotarkrigen vart Rimini erobre og gjenerobra fleire gonger. Under Austromarriket høyrte byen til Pentapolis, ein del av Eksarkatet Ravenna.

I 728 vart han erobra av den langobardiske kongen kong Liutprand, men kom tilbake til austromarane omkring 735. Pipin den yngre gav han til Kyrkjestaten, men i krigen mellom pavane og dei italienske byane mot keisarane støtta Rimini keisarriket.

Tiberiusbrua (1. hundreåret).

Byen vart ein kommune på 1300-talet og då dei religiøse ordnane trekte til byen vart det bygd mange kloster og kyrkjer, dekorert av mange kunstnarar. Giotto var mellom anna inspirert av Riminiskulen.

Malatesta-familien kom fram under kampane mellom dei forskjellige familiane i byen då Malatesta da Verucchio i 1239 vart podestà (føydalherre) i byen. Trass små avbrot hadde familien styringa over byen fram til 1528. Malatesta da Verucchio vart 100 år og då han døydde i 1312 vart han etterfulgt av Malatesta II, den første signore (herren) i byen og Pandolfo I. Ferrantino, son til Malatesta II (1335), vart utfordra av søskenbornet Ramberto og av kardinal Bertando del Poggetto (1331), legaten til Johan XXII. Malatesta III, Guastafamiglia (1363), var òg herre over Pesaro. Han vart etterfulgt av Malatesta IV l'Ungaro (1373) og Galeotto, onkelen til førstnemnde (1385), som òg var herre over Fano (frå 1340), Pesaro og Cesena (1378).

Sonen hans Carlo var ein av dei mest respekterte condottieri på denne tida, som utvida områda til byen og opna hamna i byen på ny. Carlo døydde utan born i 1429, og styret vart delt i tre Rimini gjekk til Galeotto Roberto, som var heilt uegna for denne rola. Pesarese-linja til Malatesta-familen prøvde å utnytte dette til å erobre byen, men Sigismondo Pandolfo Malatesta, ein nevø av Carlo som berre var 14 år på denne tida, kom i mellom for å redde byen. Galeotto trekte seg tilbake til eit klostertilvære og Sigismondo overtok styret i Rimini.

Sigismondo Pandolfo var den siste herren i Rimini. I 1433 opphaldt keisar Sigismund av Det tysk-romerske riket seg i byen ei stund, medan han kommanderte paven sin hær. Han var ein dyktig leiar og gjekk stundom inn som condottiero for andre statar for å få inn pengar til utsmykke byane.Han fekk Leon Battista Alberti til å byggje opp att Tempio Malatestiano. Etter at pave Pius II måtte han derimot konstant kjempe for sjølvstende til byen. I 1463 måtte han underkaste seg Pius II, som berre etterlet han Rimini og lite meir. Roberto Malatesta, sonen hans (1482) mista nesten staten hans under pave Paul II, men under Sixtus IV vart han kommandør over pavehæren mot Alfonso av Napoli, som han vart slått av i slaget ved Campomorto (1482). Pandolfo IV, sonen hans (1500), mista Rimini til Cesare Borgia som igjen mista byen til Republikken Venezia (1503-1509). Seinare vart byen teke tilbake av pave Julius II som ein del av Kyrkjestaten. Etter pave Leo X døydde kom Pandolfo tilbake i fleire månadar og med sonen sin Sigismondo hadde han eit tyrannisk styre ein periode. Pave Adrian VI kasta han ut og gav Rimini til hertugen av Urbino, paven sin statthaldar i Romagna. I 1527 klarte Sigismondo å gjenerobre byen , men det neste året forsvann Malatesta-familien frå byen for godt.

Sigismondo Malatesta, «ulven i Rimini», måla om lag 1450 av Piero della Francesca, Louvre.

Moderne tider[endre | endre wikiteksten]

På byrjinga av 1500-talet var Rimini ein del av Kyrkjestaten og vart styrt av ein pavelegat. Mot slutten av 1500-talet vart plassen Piazza Cavour ombygd. Statuen av pave Paul V har stått på midten av plassen ved sidan av fontena sidan 1614.

Fram til 1700-talet vart byen råka av krigførande hærstyrkar, jordskjelv, svolt, flaum og sjørøvaråtak. I denne nedgangstida vart fiske ei viktig næring og fiskemarkedet og fyrtårnet vart bygd.

I 1797 vart Rimini, i lag med resten av Romagna, ein del av Den cisalpinske republikken under napleonskrigane. Det napoleonske styret undertrykte klosterrørslene, tok eigedomane deira og øydela mange kyrkjer, inkludert den svært gamle domkyrkja Santa Colomba. I 1845 kom ein gjeng eventyrarar kommandert av Ribbotti inn i byen og oppretta eit styre som snart vart avskaffa. I 1860 vart Rimini og Romagna ein del av Kongedømet Italia.

Noko av det viktigaste for byen i nyare tid var opninga av det første badet og Kursaal, som vart eit symbol for Rimini som turistby. På byrjinga av 1900-talet vart Grand Hotel bygd nær kysten og vart snart eit symbol på den nye turismen.

Under den andre verdskrigen vart byen hardt råka av kraftige bombeåtak og nærleiken til den gotiske frontlinja, men etter frigjeringa 21. september 1944, vart eit omfattande gjenoppbyggingsprosjekt sett i gang. Dette førte til ein ekspolsiv turistutvikling, som har vore hovudnæringa i byen sidan.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Rimini

Kjelder[endre | endre wikiteksten]