Den italienske halvøya
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den italienske halvøya eller Den appenninske halvøya (italiensk Penisola italiana eller Penisola appenninica) er ei av dei største halvøyane i Europa og strekk seg 1000 km frå Alpane i nord og sørover i sentrale område av Middelhavet. Halvøya er kjend for å vere forma som ein støvel (kalla Lo Stivale på italiensk).
Nesten heile halvøya er ein del av Italia, bortsett frå to små område, San Marino og Vatikanstaten, som er sjølvstendige, i tillegg til ein liten del av Sveits.
Halvøya grenser til Liguriahavet og Tyrrenhavet i vest, til Det joniske havet i sør og Adriahavet i aust. Dei indre områda består av fjellkjeda Appenninane, medan dei nordlege områda storts ett bestpår av store sletter. Kysten er kupert med høge klipper.
Av naturressursar på halvøya finn ein petroleum.
Halvøya har stort sett middelhavsklima, men i indre område kan det verte kontinentalt. Den naturlege vegetasjonen består av krattskog, lauvskog og blanding av lauv- og barskog.
[endre] Kjelde
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Italian Peninsula frå Engelsk Wikipedia .