Sandringham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sandringham and West Newton Church of England Primary School i Sandringham.

Sandringham er ein landsby og eit verdsleg sokn i Norfolk i England. Landsbyen ligg cirka to km sør for landsbyen Dersingham, 12 km nord for byen King's Lynn og 60 km nordvest for Norwich.

Det verdslege soknet strekkjer seg vestover frå Sandringham til kysten The Wash, omtrent 6 km unna, og inkluderer òg landsbyane West Newton og Wolferton. Området er 41,91 kvadratkilometer stort, og i 2001 hadde det totalt 402 innbyggjarar i 176 hushald.

Sandringham er mest kjent for den kongelege eigedommen Sandringham House der fleire engelske kongelege har feriert, mellom anna dronning Elisabeth II. Det kongelege stutteriet Royal Stud, der mange av dei kongelege hestane held til, ligg i nærleiken.

Prinsesse Diana av Wales vart født i Park House på Sandringham-eigedomen i 1961.

Kjende personar frå Sandringham[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sandringham