Sandviken i Södermanland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°15′56.855″N 17°30′7.4844″E Sandviken er ein svensk tettstad i Södertälje kommun i Stockholms län i landskapet Södermanland. I 2005 hadde tettstaden 338 innbyggjarar.

Tettstadene Sandviken, Vattubrinken og Ekeby samt bygdene Tuna og Stjärna och Aska med omland plar bli omtala med samlenamnet Enhörna. Området høyrer til kommunedelen Enhörna i Södertälje kommune. Kommunedelen blei danna i 1967, då Enhörna kommune blei slått saman med Södertälje. Kommunen Enhörna hadde tidlegare blitt danna ved at ein slo saman kommunane Ytter- og Överenhörna i 1952. Ein plar sjå Ekeby som Enhörnas administrasjonssenter, sidan det meste av servicetilbodet finst her.

Det er regelmessig bussamband med Södertälje kvar dag. I sommarhalvåret går det båtar til Stockholm og Mariefred frå kaien i Sandviken og Ekensberg dagleg.

De næraste jernbanestasjonane er Södertälje Syd for fjerntog, Nykvarn for regiontog og Södertälje for lokaltog.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]