Sant Boi de Llobregat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sant Boi de Llobregat
Flagget til Sant Boi de Llobregat Byvåpenet til Sant Boi de Llobregat
Flagget til Sant Boi de Llobregat Byvåpenet til Sant Boi de Llobregat


Plassering
Sant Boi de Llobregat is located in
Styresmakter
Land Flag of Spain.svg Spania
Autonom region Catalonia
Provins Barcelona
Grunnlagd 500-talet fvt.
Borgarmeister Jaume Bosch i Pugès
Geografi
Flatevidd
 - By

21,48 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

81 335
  3 786,5 /km²
Koordinatar 41°20′″N 2°2′″EKoordinatar: 41°20′″N 2°2′″E
Høgd over havet 30 moh
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.stboi.es

Sant Boi de Llobregat er ein by i provinsen Barcelona i Catalonia i Spania med kring 80 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Llobregat.

Byen er delt inn i seks bydelar: Ciutat Cooperativa-Molí Nou, Marianao-Can Paulet, Barri Centre, Vinyets-Molí Vell, Camps Blancs-Canons-Orioles og Casablanca.

Han grenser i nord til byane Santa Coloma de Cervelló, Sant Joan Despí og landsbyen Sant Climent, i aust til byen Cornellà de Llobregat, i vest til Viladecans og i sør til El Prat de Llobregat, heilt i sør har han ei smal kyststripe ved Middelhavet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ein har funne spor etter iberarar og romarane i byen, mellom anna eit romarbad nær elva. Dette tyder på at Sant Boi kan ha eksistert i førromersk tid.

Frå 600- til 1100-talet vart byen og området rundt kontrollert av maurarar, fram til dei vart drive bort under reconquistaen. Maurarane kalla byen Alcala, som tyder «borg», på grunn av ei høgd over elva og dlaen. Det noverande namnet kjem frå St. Baudilus, kalla Boi eller Baldiri i Catalonia.[1]

I mellomalderen auka folketalet i landsbyen jamt og trutt, og han utvida seg rundt borga. Ei kyrkje i barokkstil vart bygd på 1500-talet. Mot slutten av 1800-talet hadde Sant Boi nesten 5000 innbyggjarar, som houvdsakleg livnærte seg av jordbruk.

På byrjinga av 1900-talet kom dei første industriane til byen, mellom anna ein mursteinsfabrikk og metallfabrikk. Då den spanske borgarkrigen enda, kom mange folk til området frå andre stader av landet, for å jobbe i Barcelona. Folketalet auka til 10 000 i 1940 og 65 000 i 1975.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]