Sarah Palin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sarah Louise Heath Palin (fødd 11. februar 1964) i Sandpoint i Idaho i USA) er ein amerikansk politikar for Det republikanske partiet. Ho var guvernør i delstaten Alaska, eit embete ho hadde sidan 2006 til ho trekte seg i 2009. Ho var den første kvinnelege guvernøren i Alaska, og også den yngste i Alaskas historie. Ho var John McCain sin visepresidentkandidat ved presidentvalet i 2008. I 2010 inngjekk ho kontrakt med Fox news, for å vere fast tilsett politisk kommentator.
Det er spekulert om Palin vil prøve seg på nominasjonen til det neste amerikanske presidentvalet.