Saransk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saransk
Саранск
Byåpenet til Saransk
Byvåpenet til Saransk


Plassering
Saransk is located in Russland
Styresmakter
Land Russland
Føderasjonssubjekt Mordovia
Grunnlagd
Bystatus
1641
1651
Borgarmeister Vladimir Susjkov
Geografi
Flatevidd
 - By

72 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

295 400
  4 102,8 /km²
Koordinatar 54°11′0″N 45°11′0″EKoordinatar: 54°11′0″N 45°11′0″E
Høgd over havet 160 moh.
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 430000–430034
Retningsnummer (tlf) (+7)8342
Nettstad: www.adm-saransk.ru

Saransk (russisk Сара́нск, mordvinsk Саран ош, Saran osj) er hovudstaden i Republikken Mordovia i Russland. Han ligg ved elva Insar, rundt 520 km aust for Moskva. I 2007 hadde han om lag 295 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Busetnaden vart grunnlagd i 1641 som ei festning ved den søraustlege grensa til Russland. På 1700-talet vart fortet mindre militært viktig og Saransk vart ein handels- og industriby. I 1708 vart byen underlagt Azov gubernija og seinare Kazan gubernija. I 1780 vart byen underlagt det som i 1801 vart Penza gubernija. I 1893 nådde bygginga av jernbanen Moskva – Kazan fram til Saransk. I 1928 vart byen hovudstad i det nasjonale distriktet Mordovia, som i 1934 vart til den Mordoviske ASSR og i 1991 den autonome republikken Mordova. Sovjetiske byplanleggarar bygde om det gamle bysenteret på 1960- og 1970-talet, med vide gater og enorme bustadområde.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Industrien i Saransk omfattar produksjon av elektriske kablar, kjemikaliar, dekorativt tøy, matprodukt, maskinbygging og metallarbeid. Byen har òg to varmekraftverk.

Flybasen Ljambir ligg 12 km nord for byen.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Saransk har hatt ein jernbanestasjon siden 1893 og den ligg for tida ved RuzajevkaKazan-jernbanen. Byen ligg òg ved ein hovudveg. Saransk lufthamn, som ligg 7 km sør for byen, har flyruter med mindre fly.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Saransk har fleire teater: eit dramateater (grunnlagt i 1961), eit dokketeater og eit komedieteater. Byen har òg eit regionalt historisk museum og eit kunstmuseum.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Mordovia Statlege Universitet (grunnlagt i 1957) ligg i Saransk, i tillegg til fleire tekniske skular.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Byen har mange historiske arkitektoniske monument frå si tidlege historie.

Ein merkverdig struktur i Saransk er Saransk TV-tårn, ei 180 meter høg bardunert mast av røyrstål bygt i 1961, som har 8 tverrstykke med gangvegar på to nivå frå mastestrukturen til bardunane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]