Saturntempelet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saturntempelet

Kart
Saturntempelet
41°53′33″N 12°29′03″E / 41.892428°N 12.484111°E / 41.892428; 12.484111

Saturntempelet var eit romersk tempel ved Forum Romanum i Roma vigd guden Saturn. Ruinane av det står ved foten av Kapitolhøgda ved vestenden av Forum Romanum. Etter tradisjonen blei tempelet grunnlagt så tidleg som 497 f.Kr.,[1] men forfattarar i antikken var usamde om soga til staden.[2]

Bygginga av tempelet skal ha byrja seint under den romerske kongetida under Tarquinius Superbus. Innviinga av konsul Titus Lartius fann stad tidleg i den romerske republikken, slik at Saturntempelet var det nest eldste republikanske tempelet etter Jupiter Optimus Maximus-tempelet. Altaret til Saturn, som stod framfor tempelet, skal vera mykje eldre enn bygningen er var knytt til Saturn si grunnlegging av byen på Kapitolhøgda.[3] Tempelet blei heilt gjenoppbygd av Munatius Plancus i 42 f.Kr.

Dei tolv lovtavlene, bronseplattane med grunnlaget for republikken, var sette opp i tempelet. og innanfor dei kraftige murane til podiet tok ein vare på den romerske statskassa, dei romerske sylv- og gullreservane.[4] Saturn var knytt til rikdom og gullalderen i romersk mytologi. Den heilage oppbevaringsstaden burde ha gjeve dei total tryggleik, men då Julius Cæsar gjennomførte statskupp i 49 f.Kr., la han utan skruplar beslag på kassen.

Statsarkiva, insignia og dei offiselle vekstskålene for å vega metall blei også lagra her. Seinare blei statskassen, aerarium, flytta til ein annan bygning, medan arkiva blei flytta til Tabularium i nærleiken.

Podiet i tempelet var laga av betong dekt med travertin.

Ut frå andre kultbilde av Saturn vil statuen av guden ha bore slør og ein ljå. Føtene var dekte av ullband som berre blei tekne av 17. desember, då ein feira saturnalia. Denne høgtida byrja med eit offer ved tempelet, følgd av mykje festing.[5] Slavar blei gjeven fridom ei kort stund, og familiemedlemmer gav kvarandre gåver.[6]

Arkitraven med minneinnskrifta.

Tempelet er blitt attreist fleire gonger. Dei noverande ruinane stammar frå den tredje bygginga, då tempelet blei gjenreist etter ein brann i år 360. Gjenoppbyginga er minna med ein inskripsjon:

Senatus Populusque Romanus
incendio consumptum restituit
'Senatet og folket av Roma
restaurerte [tempelet] teke av flammar.'

Gjenoppbygginga på 300-talet fell saman med ei sein heidensk gjenoppliving på denne tida.[6] Tempelet vil ha blitt stengt under forfølginga av heidenskap i det seine Romarriket.

Rada av søyler som no reiser seg over podiet blei bygd opp etter ein brann kring år 370 med tilgjengeleg material frå ulike hald. Søylene er av to slag egyptisk granitt og har ikkje eksakt same mål, marmorblokka i arkitraven er teken frå andre bygningar, medan dei joniske kapitélane med store volutar som er typiske for seinantikken truleg var nylaga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Robert E.A. Palmer, Rome and Carthage at Peace (Franz Steiner, 1997), p. 63; Hans-Friedrich Mueller, "Saturn," in The Oxford Encyclopedia of Ancient Greece and Rome, s. 221.
  2. Lawrence Richardson, A New Topographical Dictionary of Ancient Rome (Johns Hopkins University Press, 1992), s. 343.
  3. Coarelli, Filippo. Rome and Environs: An Archaeological Guide. s. 65. 
  4. Site for course on Temples of Castor and Pollux and Saturn Arkivert 2007-09-06 ved Wayback Machine.
  5. Howatson, M. C. HowatsonM C. (1. januar 2011). Howatson, M. C., red. «Saturnā'lia» (på engelsk). Oxford University Press. ISBN 978-0-19-954854-5. doi:10.1093/acref/9780199548545.001.0001/acref-9780199548545-e-2677. 
  6. 6,0 6,1 Claridge, Amanda (2010). Rome: An Oxford Archaeological Guide. s. 84. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Gjerstad, Einar. 1962. «The Temple of Saturn in Rome. Its Date of Dedication and the Early History of the Sanctuary.» I Hommages à A. Grenier, Edited by Renard, M. Collection Latomus; LVIII, 757-762. Berchem-Bruxelles: 61 Av. Laure.
  • Pensabene Perez, Patrizio. 1984. Tempio di Saturno. Archittetura e decorazione. Roma: De Luca.