Travertin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Travertin

Travertin er ein type kalkstein som blir nytta som material til bygningar og skulpturar. Travertin er relativt mjukt og lèt seg enkelt handsame.

Fleire kjende byggverk er oppført av travertin, blant anna Colosseum og Fontana di Trevi i Roma. Travertin vart ofte òg nytta i fliser og mosaikkar i greske og romerske bad, mellom anna fordi denne steinarten er naturleg vassavstøytande og har den spesielle eigenskapen at han ikkje blir glatt når han blir våt.

I slepen form blir brukt travertin som golvfliser og som dekorativ overflate på benker, bord, servantar, badekar og liknande. Fargen varierer frå kvitaktig eller kremfarga til lys rustfarga.

Geokjemi[endre | endre wikiteksten]

Terasseformasjonar av travertin i Badab-e Surt i Iran. Raudfargen kjem av innslag av jernkarbonat.

Travertin er ein sedimentær bergart som vert utfelt frå mineralkjelder, både frå grunnvatn og overflatevatn, særleg ved |varme kjelder, men òg hyppig frå kalksteinsgrotter. Danninga av travertin er kjenneteikna ved at utfellinga skjer raskt.[1][2] Bergarten inneheld vesentleg dei to minerala kalsitt og aragonitt; aragonitt dannast først og fremst ved høge temperaturar (i varme kjelder), medan kalsitt dominerer ved lågare temperaturar.[3][4]

Rein travertin er kvit, men han er oftast meir eller mindre gul eller brun på grunn av ureinheiter. Overflata er i naturen ofte dekte med ulike mikroorganismar, ofte særs termofile. Desse bidreg til den porøse overflatestrukturen på travertin. Liknande avleiringar, men endå mjukare og langt meir porøse avleiringar blir kalla tufa eller kalktuff. (Må ikkje forvekslast med tuff, som er av vulkansk opphav).

Førekomst[endre | endre wikiteksten]

Travertinterrassar ved Mammoth Hot Springs i Yellowstone nasjonalpark i Colorado i USA.

Sidan travertin blir forholdsvis danna raskt i geologisk samanheng, finn ein det ofte i dagen, gjerne i samband med geotermisk aktivitet. Rike førekomstar er kjent blant anna frå fleire stader i USA og Mellom-Amerika, Middelhavsområdet, Iran og Kina. Dei mest kjende førekomstane er òg av interesse for historia og som turistattraksjonar, og finst på verdsarvlista:

  • Travertinbrotet i Tivoli i Italia var saman med det neste det viktigaste for romarane i oldtida, og har gjeve namn til bergarten, som opphavleg heitte lapis tiburtinus, det vil seie Tibur-stein. Tibur var i antikken namnet på Tivoli. I nyare tid er namnet på steinen korta ned til travertin.
  • Bernini-brotet i Guidonia i Italia er kjend fordi den kjende arkitekten og bilethoggaren Gian Lorenzo Bernini frå den italienske barokken valde travertin herfrå blant anna til søylegangen rundt Petersplassen i Roma år 1500.[5]
  • Avleiringane i samband med dei varme kjeldene i Yellowstone nasjonalpark i USA er blant dei mest spektakulære førekomstane, og er plassert på verdsarvlista til UNESCO.
  • Pamukkale på vestkysten av Tyrkia og Huanglong-feltet i Sichuan i Kina er òg på verdsarvlista.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Travertin er mykje brukt som byggmateriale frå antikken og fram til våre dagar. Colosseum er den største og kanskje den best kjende frå det gamle Roma. Av monumentale bygningar frå nyare tid kan nemnast Sacré-Cœur-basilikaen i Paris (1900), og Getty Center i Los Angeles i California (1900-talet) og Shell-Haus i Berlin. Travertinet til dei to siste kjem frå Tivoli og Guidonia.[6]

I moderne arkitektur er travertin òg ein av dei mest populære steinsortane for å kle fasadar, innandørs fasadar og golv. Det vert vidare nytta til steinsetting av atriar og hagegangar, ofte under det noko misvisande namnet «travertinmarmor». Eit problem ved bruk til hagestiar og golv er at travertin er mjukare og meir porøst enn dei fleste alternative steinsortar. Noko som gjer at det raskt får eit preg av slitasje. For å motverke dette blir hola ofte fylla med steinmasse ved ulike prosessar og overflata polert slik at overflata framstår som blank og skinnande. ----

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dictionary of Geological Terms, 1962. A Dolphin Reference Book
  2. A Glossary of Karst Terminology, 1970. Geol. Surv. Water-Supply Paper 1899-K, U. S. Gov. Print. Off., Washington.
  3. Pentecost, A., 2005, Travertine, Dordrecht, Netherlands: Kluwer Academic Publishers Group. ISBN 1-4020-3523-3
  4. Fouke, B. W., et. al., 2000, Depositional facies and aqueous-solid geochemistry of travertine-depositing hot springs (Angel Terrace, Mammoth Hot Springs, Yellowstone National Park, U.S.A.), Journal of Sedimentary Research, 70, s. 565-585.
  5. Bernini quarry in Guidonia
  6. "The Getty Center", Official Website

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]