Scotty Moore

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Scotty Moore
Verkeleg namn Winfield Scott Moore III
Fødd 27. desember 1931
Gadsden i Tennessee i USA
Sjanger Rock and roll
Aktive år Sidan 1950-åra
Yrke Gitarist
Plateselskap Sun

Winfield Scott "Scotty" Moore III (fødd 27. desember 1931 nær Gadsden i Tennessee) er ein legendarisk amerikansk gitarist som er mest kjend for å spele dei første åra av karrieren til Elvis Presley.

Scotty Moore lærte å spele gitar i familien og av vener frå han var åtte år gammal. Moore sin bakgrunn var jazz og country og leia eit band kalla Starlite Wranglers før Sam Phillips ved Sun Records sette han i lag med ein ung Elvis Presley. Phillips meinte at sologitaren til Moore og bassen til Bill Black var alt som var nødvendig i lag med rytmegitaren og vokalen til Elvis. I 1954 spelte Moore og Black på det som vart den første innspelinga til Elvis Presley, That's Alright (Mama) i 1954. Elvis, Black og Scotty Moore kalla seg Blue Moon Boys og fekk seinare med seg trommeslagar D.J. Fontana. I starten av juli 1954 byrja Blue Moon Boys å turnere i dei amerikanske Sørstatane og spelte inn fleire singlar.

Moore spelte på fleire av Presley sine mest kjende innspelinga frå 50-åra, som «Good Rockin' Tonight», «Baby Let's Play House», «Heartbreak Hotel», «Mystery Train», «Hound Dog», «Too Much» og «Jailhouse Rock».

I 1960-åra gav Moore ut soloalbumet The Guitar That Changed the World. Han spelte på comebacket til Elvis i 1968NBC.

Moore spelte i starten på ein Gibson ES-295[1], før han byta til ein Gibson L5[2] og til slutt ein Gibson Super 400[3].

Scotty Moore vert rekna som ein av dei aller første rock and roll-gitaristane og mange seinare gitaristar har omtalt han som ei stor inspirasjonskjelde. For denne rolla er han innlemma i Rockabilly Hall of Fame og i 2000 òg i Rock and roll Hall of Fame.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Scotty Moore 53 ES295
  2. Scotty Moore 54 L5 CES
  3. Scotty Moore 56 Super 400 CESN

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]