Segura
| Segura | ||
|
|
||
| Utspring | Fuente Segura, Jaén | |
| Munning | Guardamar del Segura, Alicante | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 325 km | |
| Middelvassføring | Cieza: 26,3 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 19 525 km² | |
|
|
||
Segura (latinsk Thader, arabisk War-Alabiat) er ei elv søraust i Spania.
Ho spring ut ved Santiago Pontones (provinsen Jaén), og renn gjennom Calasparra, Cieza, Murcia, Beniaján, Orihuela, Rojales, før ho munnar ut i Middelhavet nær Guardamar del Segura i provinsen Alicante. Somme av sideelvane hennar er Mundo (som startar nær Riópar), Alhárabe (som starta i Moratalla), Mula og Guadalentín.
Segura er vanlegvis delvis tørka inn, men stundom kan kraftig regn føre til flaum, noko som vanlegvis skjer kvart 6. til 9. år, alltid om hausten.
align="center"
| Stad | Vassføring |
|---|---|
| Cenajo | 17,1 m³/s |
| Cieza | 26,3 m³/s |
| Orihuela | 5 m³/s |
| Guardamar del Segura | 1 m³/s |
På 1900-talet har det vore store flaumar i 1946, 1948, 1973, 1982, 1987 og 1989. Sidan 1990 har dei nedre delane av elva vorte kanaliserte og svingar er fjerna. Dette har ført til betre flaumvern. Kanalen vart sett på prøve i september 1997 og oktober 2000 då kraftig regn førte til stor avrenning.
align="center"
| Dato | Murcia | Orihuela |
|---|---|---|
| Oktober, 1651 | 1700 m³/s | |
| Oktober, 1834 | 1000 m³/s | |
| Oktober, 1879 | 1890 m³/s | |
| April, 1946 | 1187 m³/s | 1138 m³/s |
| Oktober, 1948 | 934 m³/s | 1172 m³/s |
| November, 1987 | 1000 m³/s |
Elvesletta heiter Vega del Segura og er eit særs frodig jordbruksområde der det vert dyrka mykje frukt, grønsaker og blomar. Området er delt inn i tre, Alta, Media og Baja (øvre, midtre og nedre).
Segura er ei av dei mest forureina elvane i Europa. Dei siste åra har ein deriomt drive omfattande vasshandsaming og installert reinseanlegg som har betra tilhøva i elva.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Segura» frå Wikipedia på engelsk, den 4. mai 2009.