Seille ved Saône

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjå òg elva Seille i Lorraine.
Seille
Seille i Nevy-sur-Seille.
Seille i Nevy-sur-Seille.
Utspring Jurafjella
Munning Saône ved La Truchère
Land i nedslagsfelt Frankrike Frankrike
Lengd 110 km
Nedslagsfelt 2 300 km²

Seille er ei 110 km lang elv i Frankrike, og ei av sideelvane til Saône frå venstre. Ho har sitt utspring i Jurafjella og munnar ut i Saône ved La Truchère i Saône-et-Loire.

Kjelda til elva ligg i ein blinddal i Baume-les-Messieurs, om lag 10 km aust for Lons-le-Saunier. Frå her renn ho forbi vingardane i Jura, og gjev vatn til kommunane Nevy-sur-Seille, Voiteur og Arlay, før ho renn ut på jordbruksletta Bletterans. Ho renn så inn i områda Louhans og Bresse i departementet Saône-et-Loire, før ho munnar ut i Saône ved La Truchère eit par kilometer sør for Tournus. Nær munningen dannar Seille eit nettverk av tjern, sandbankar og myrar, som er opphaldsstad for ei stor mengd trekkfuglar, inkludert utryddingstrua artar og sjeldne planter.

Den øvre delen av Seille er ei roleg aureelv, som stundom flaumar over om våren. Den nedre delen er utsett for meir omfattande flaumar, og er framkommeleg for elvebåtar i 39 km frå Louhans til La Truchère. Her kan ein finne malle, som har vore i elva sidan 1960-åra, og som stundom vert svært store. Den største mallen som er fiska i Frankrike vart fanga i elva i 1980-åra. Han var 2,20 meter lang og 66 kg.

Seille sitt nedslagsfelt dekkjer eit området på 2 300 km², som inneheld 600 km med vassvegar i tre departement: Jura, Saône-et-Loire og Ain.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]