Serpentine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Serpentine
Serpentine - Serpentine Bridge from Kensington Gardens
Serpentine Bridge from Kensington Gardens
Stad London i England
Koordinatar 51°30′19″N 0°10′10″WKoordinatar: 51°30′19″N 0°10′10″W
Type innsjø Kunstig innsjø
Tilsig River Westbourne
Utsig River Westbourne
Tilknytte land England
Største djupne 12 m

Serpentine (òg kalla Serpentine River) er ein 11 hektar stor kunstig innsjø i Hyde Park i London i England, skapt i 1730. Sjølv om namnet vert nytta om heile innsjøen, er det i røynda berre den austlege halvdelen som heiter Serpentine. Serpentine Bridge, som markerer grensa mellom Hyde Park og Kensington Gardens, markerer òg vestgrensa for Serpnetine. Den lange og smale vestlege halvdelen av innsjøen heiter i røynda Long Water. Serpentine, som tyder «slange», har fått namnet sitt er den svingande forma.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sluse i demninga frå 1730 aust i innsjøen

Opphavleg fekk innsjøen vatn frå River Westbourne i den italienske hagen i den nordvestlege enden av Long Water. Westbourne slutta å føre vatn til Serpentine i 1834, då elva hadde vorte altfor forureina[2] og han får no vatn pumpa frå Themsen. The Long Water går søraustover frå dette punktet til Serpentine Bridge, der innsjøen svingar brått austover. I austenden renn vatnet ut av innsjøen via ei sluse i demninga. Historisk rann vatnet sørover dette punktet og markerte grensa mellom Westminster og Kensington, men etter 1850 har elva vorte omdirigert til ein kulvert og under bakken før ho munnar ut i Themsen nær Chelsea Bridge.

Innsjøen er relativt grunn og den største djupna er 12 meter.[3]

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Hyde Park & Kensington Gardens Stroll». Urban75. 2006-11. http://www.urban75.org/london/hyde-park-london.html. Henta 28. mars 2010. 
  2. «Thomas Hawksley and the Project to Cleanse The Serpentine: 1859-1862». http://www.pureandconstant.talktalk.net/page-s00.html. Henta 28. mars 2010. 
  3. Cunningham, Peter (1850). Hand-Book of London.