Seyðisfjörður

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
SEYÐISFJÕRÐUR
Seydisfjordur map.png
Byvåpen Plassering
Fylke Austurland
Areal 213 km²
Befolknings-
tettleik
726 (2006)
3,4 innb./km²
Postnummer IS-710
Ordførar Vilhjálmur Jónsson
Heimeside www.sfk.is
Posisjon 65° 15' 47" N, 14° 0' 32" V65° 15' 47" N, 14° 0' 32" V

Seyðisfjörður (uttala seydh-is-fjørdhur) er ein stad med ca. 800 innbyggarar som ligg aust på Island. Byen ligg inst i den 17 km lange fjorden Seyðisfjörður. Hovudnæringane er fiske, metallproduksjon og turisme.

Seyðisfjörður er hamn for passasjer- og bilferja Norröna, som sia 1980 har bunde Island med Færøyane, Shetland, Danmark og Noreg. Ho legg til kai i Seyðisfjörður kvar torsdag i sommarperioden og kvar tysdag i vinterperioden.

Byen blei grunnlagt av norske fiskarar midt på 1800-talet. Den største tydinga for byutviklinga hadde det norske sildeeventyret i perioden 18701900. Nordmennene bygde fleire sildesalteri, bustadar, forretningar og offentlege bygningar. Mange av husa er bevart i nåtida og gir Seyðisfjörður eit historisk preg. Seyðisfjörður fekk kjøpstadsrettar i 1895.

Under andre verdskrig var Seyðisfjörður ein viktig flåtehamn for dei allierte. Byen var den fyrste på Island som fekk elektrisitet. Difor har byen au eit elektrisitetsmuseum.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

I ein liten dal i nærleiken av byen kastar elva Fjarðará fleire fossar ned i Lónið – (lagunen) inst i fjorden. Mot nordvest langs elva går hovudvegen over fjellområdet Fjarðarheiði, som er ein av dei mest storslåtte utsiktsvegane på Island.

Byen har eit kultursenter der turistane kan få eit innblikk i historia og kulturen til området. Heile året er det utstillingar av lokale og utanlandske kunstnarar.

Litt utanfor byen ligg Fjarðarsel energiverk, som er Nordens eldste kraftverk for vekselstraum. Verket, som blei oppført i 1913, produserer stadig straum og står nesten som da det blei bygd. Energiverket og utstillinga om historia til e-verket er opne for turistar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Seyðisfjörður