Seyhan Nehri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 36°59′18″N 35°20′5″E

Seyhan
elv
Seyhan renn gjennom Adana
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Provinsar Kayseri, Adana, Mersin
Distrikt Aladağ, Karaisalı, Çukurova, Sarıçam, Seyhan, Yüreğir, Tarsus
Tilløp
 - høgre Göksu
Byar Adana
Kjelde Akinek Dağı
 - stad Aladağ, Adana, Tyrkia
 - høgd 1 500 moh
Munning Kapp Deli, Middelhavet
 - stad Tarsus, Mersin, Tyrkia
Lengd 560 km
Nedslagsfelt 20 600 km²
Reservoar ved Seyhandammen.

Seyhan Nehri (tidlegare kalla Seihan, Sihun; i antikken Saros, gresk Σάρος) er den lengste elva i Tyrkia som renn ut i Middelhavet. Elva er 560 km og renn sørvest frå kjelda si i Tahtalıfjella (provinsane Sivas og Kayseri) i Anti-Taurus til Middelhavet via eit vidt delta. Dei største kjeldeelvane hennar er Zamantı og Göksu som renn saman i Aladağ i Adana og dannar Seyhan. Zamantı-elva spring ut frå Uzunplatået i Pınarbaşı i Kayseri og kryssar Tomarza, Develi og Yahyalı i Kayseri.

I antikken vart elva kalla Saros og sletta vart kalla Kilikiasletta.

50 km frå munningen renn Seyhan gjennom byen Adana, den einaste busetnaden langs elva. Det går fleire bruer og gangbruer over elva i Adana, inklduert Steinbrua, ei romarbrua frå 300-talet. Elva munnar ut i Middelhavet ved Kapp Deli.

Den store Seyhandammen ovanom Adana er bygd for kunstig vatn, vasskraft og flaumkontroll. Yedigöze og Çatalan er dei andre demningane i Seyhan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]