Kayseri

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 38°44′N 35°29′E
Kayseri
by
none  Sentrum av Kayseri
Sentrum av Kayseri
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Sentral-Anatolia
Provins Kayseri
høgd 1 050 moh
koordinatar 38°44′N 35°29′E
Folketal 1 064 164 [1][2]
 - storby 977 240
borgarmeister Mehmet Özhaseki
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 38x xx
Retningsnummer (+90) 352
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Nettstad: www.kayseri.bel.tr
www.kayseri.gov.tr

Kayseri er ein stor og industrialisert by i Sentral-Anatolia i Tyrkia. Byen har kring 1 064 164 innbyggjarar og ligg 265 km søraust for Ankara, kring 1050 meter over havet.

Han er det administrative senteret i provinsen Kayseri. Kayseri består av fem bydistrikta Kocasinan, Hacılar, İncesu og Talas.

Kayseri ligg ved foten av den utdøydde vulkanen Erciyes som tårnar 3916 meter over havet. Byen er kjend for kulinariske spesialitetar som mantı, pastirma og sucuk. Byen har mange minnesmerke frå romersk tid og frå mellomalderen, mellom anna festninga, bygd under keisar Justinian og seinare påbygd av seldsjukkane og osmanarane, det åttekanta mausoleet Döner Kümbet frå 1237, og den vakre moskeen Kurşunlu Cami, 'Blymoskeen', frå 1500-talet, teikna av den kjente arkitekten Sinan.

Erkilet internasjonale lufthamn ligg i nærleiken av Kayseri. Erciyes universitet ligg i byen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kayseri heitte opphavleg Mazaca (seinare Eusebia), og var hovudstad for kongane av Kappadokia. Han vart omdøypt til Caesarea Cappadociae i første hundreåret evt. og var hovudstad i den romerske provinsen Cappadocia. Frå 700-talet og framover vart byen utsett for fleire åtak, først av arabarane, seinare seldsjukkane, mongolane og turkmenarane. Byen vart ein del av Det osmanske riket kring 1500.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kayseri har eit kontinentalklima (Köppen si klimaklassifisering Dsa) med eit halvtørt klima (Köppen BSk), som består av særs kalde, snørike vintrar og varme, tørre somrar med kjølige netter. Det kjem mest regn om våren og hausten, men generelt er det lite nedbør gjennom året.

Klimadata for Kayseri
Månad Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Varmerekord °C 17.0 20.1 26.6 31.2 33.4 36.0 40.7 40.0 36.0 32.6 24.8 21.0 40,7
Normal maks. temp. °C 3.9 5.9 11.6 17.5 22.1 26.7 30.5 30.7 26.6 20.1 12.3 5.9 17 82
Normal min. temp. °C -6.7 -5.1 -1.3 3.4 6.8 9.8 12.2 11.6 7.5 3.8 -1.0 -4.5 -6,7
Kulderekord °C -28.1 -28.4 -28.1 -11.6 -5.5 -0.4 3.7 2.1 -2.5 -8.3 -16.2 -25.5 -28,4
Nedbør (mm) 33.6 33.6 42.5 57.2 56.6 35.9 14.3 8.5 12.9 34.8 37.2 39.0
relativ fukt 76 72 62 58 56 50 44 44 47 58 69 77 59,4
Normal mengd regndagar 11.6 11.6 12.3 13.5 13.5 8.4 2.8 2.4 4.2 7.9 9.3 11.6 109,1
Normal mengd snødagar 9 9 6 1 0 0 0 0 0 0 3 8 36
Normale månadlege solskinstimar 89.9 112 151.9 183 254.2 309 362.7 350.3 270 201.5 138 80.6 2 503,1
Kjelde nr. 1: Devlet Meteoroloji İşleri Genel Müdürlüğü[3]
Kjelde nr. 2: Weather2[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kayseri