Tarsus i Mersin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 36°55′N 34°54′E
Tarsus
by
none  Moské og bilar i Tarsus
Moské og bilar i Tarsus
Land Flag of Turkey.svg Tyrkia
Region Çukurova
Provins Mersin
koordinatar 36°55′N 34°54′E
Areal 2 240 km²
Folketal 238 276
Tettleik 106 / km²
borgarmeister Burhanettin Kocamaz
Tidssone EET (UTC+2)
 - Sommartid EEST (UTC+3)
Postnummer 33xxx
Retningsnummer 0324
Bilnummer 33
Turkey location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Tarsus (city)
Nettstad: http://www.tarsus.bel.tr

Tarsus (hittitisk: Tarsa, gresk: Ταρσός, Tarsós) er ein historisk by sør i det sentrale Tyrkia, 20 km innfor kysten av Middelhavet, på slettelandet der elva Seyhan Nehri renn ut i Middelhavet. Han høyrer til Adana-Mersin storbyområde, det fjerde største byområdet i Tyrkia med 3 millionar innbyggjarar. Tarsus høyrer til provinsen Mersin og ligg i kjernen av regionen Çukurova. Tarsus har kring 240 000 innbyggjarar.

Tarsus eller Tarsos er ein svært gammal by, med funn frå steinalderen. I oldtida var byen hovudstad for kongane av Kilikia og seinare for persiske satrapar. Han blei tidleg gresk-påverka og var ein viktig hellenistisk by. I 66 f.Kr. blei han annektert av Pompeius til Romarriket. Det var her det første møtet mellom Kleopatra og Marcus Antonius fann stad, og apostelen Paulus var fødd her.

Linproduksjon har lenge spelt ein stor rolle i økonomien i Tarsus. Tekstilindustri er saman med møbelmaking og handel framleis ei viktig næring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tarsus i Mersin