Sheep Island i England

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sheep Island er ei grasskledd øy på rundt 6 hektar, like utanfor Walney Island og Snab Point i Furnessøyane. Ho høyrer til kommunen Barrow-in-Furness i Cumbria nordvest i England.

Det er mogeleg å gå til fots over til øya ved lågvatn frå både Walney og Piel Island, ein avstand på kring 1,5 km. Øya er ikkje busett. Mellom 1892 og 1922 låg det eit lite isolert sjukehus på øya, men det vart sjeldan brukt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Koordinatar: 54°4′N 3°12′W