Walney Island

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Walney
Walney sett frå Barrow-in-Furness
Walney sett frå Barrow-in-Furness
Geografi
Stad Irskesjøen
Koordinatar 54°6′14″N 3°15′0″W
Øygruppe Furnessøyane

Areal 13 km²
Lengd 18 km
Breidd 1,5 km

Administrasjon
Land England
Grevskap Cumbria

Demografi
Folketal 13000
Folketettleik 1000 /km²

Walney Island eller Isle of Walney er den åttande største øya i England. Ho ligg i Irskesjøen, vest for Furnesshalvøya i det nordvestlege England. Fram til 1974 var både øya og halvøya ein del av Lancashire, men i dag høyrer dei til Cumbria. Øya høyrer til kommunen Barrow-in-Furness og er landfast via Walney Bridge, som vart bygd i 1908.

Ho har i dag kring 13 000 innbyggjarar og har vore busett i minst 3000 år. Namnet Walney kjem frå det norrøne «valna ey», som tyder «den britiske øya». Namnet vart gjeven av vikingane som busette seg her. Landsbyen Biggar Village har vore busett sidan minst 1000-talet og vart nemnd i Domesday Book som Hougenai. Dette namnet kjem av det norrøne haugr som tyder haug. [1]

Øya er 18 km lang og 1,5 km på det breiaste, med eit areal på 13 km². Det er fire grunnskular på øya og ein golfbane. Øya har òg ein liten flyplass.

Barrow vindmøllepark

Øya er sagt å vere den mest vindfulle staden i det engelske låglandet.[2] Nyleg vart det bygd ein vindmøllepark i havet, 7 km vest for øya. Parken består av 30 vindturbinar på 3 MW kvar og med ei høgd på 90 meter. Parken kom i drift i september 2006.[3] Det er planar om å utvide parken med ytterlegare 100 vindturbinar.

Dei fem største landsbyane på øya er:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]