Shel Talmy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Shel Talmy (fødd 11. august 1937 i Chicago, Illinois, USA) er ein amerikansk plateprodusent mest kjend for arbeidet sitt med The Who og The Kinks på 1960-talet.[1]

Shel Talmy fekk jobb som lydteknikar ved Conway Recorders og arbeidde med tidlege surfehits med songar som The Markets sin «Surfer's Stomp» og Billy Joe and the Checkmates sin «Percolator Twist».[2] Han flytta til London i 1962, opphavleg med tanke på eit kort opphald[3][4], men vart på grunn av suksessen han oppnådde verande i England i 17 år.

Han hadde stor innverknad som produsent i starten på beatmusikken. Shel Talmy eksperimenterte med innspelingane med bruk av feedback-effekt og hjelpte The Kinks og The Who til å utvikle stilen sin. Han produserte debutalbumet til The Who og The Kinks sine innspelingar fram til «Waterloo Sunset». Av andre store hitsinglar som Talmy produserte er The Easybeats sin «Friday On My Mind» og Manfred Mann sin «Semi Detached Suburban Mr. James» og innspelinga deira av Bob Dylan sin «Mighty Quinn».

Who-gitarist Pete Townshend skal ha skrive songen «I Can’t Explain» i Ray Davies-stil i håp om fange merksemda til Talmy. Talmy likte songen. Han knytte The Who til seg og gav gruppa platekontrakt og produserte debutalbumet deira og dei første singlane «I Can’t Explain», «Anyway, Anyhow, Anywhere» og «My Generation».

The Who sine managerar Kit Lambert og Chris Stamp ønskte å bryte kontrakten med Talmy, som vann den påfølgjande rettsaka. Sjølv om The Who vart fridd frå kontrakten måtte gruppa gje royalties til Talmy heilt fram til utgjevinga av rockeoperaen Tommy (1969). Talmy låste ned mastertapane til debutalbumet My Generation i ein temperatur- og klimakontrollert safe og albumet vart det siste av The Who-katalogen som vart gjeven ut på ny. Talmy ordna ein nymiksa versjon av album som Deluxe Edition i 2002.

På 1970-talet var Talmy mindre aktiv, men han produserte mellom anna The Damned-singelen «Sick of Being Sick»/«Stretcher Case Baby». Captain Sensible uttalte seinare at Talmy hadde gjeve gruppa «the best sound that the Damned ever had for guitars».[5]

Talmy har òg gjort seg gjeldande som forfattar med romanen Whadda We Do Now Butch? der han opponerer mot framstillinga av korleis Butch Cassidy og Sundance Kid døydde og meiner han etter grundige undersøkingar meiner dei slett ikkje døydde slik som det til dømes vart vist i kinofilmen.[6] Shel Talmy lever i dag i California i USA.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 'Billboard. 15. februar 1997. «Songs bring seminal rock producer Shel Talmy back to the board». Vol. 109, #7, ISSN 0006-2510.
  2. Chris Hunt. «Shel Talmy Interview». http://www.chrishunt.biz/features29.html. 
  3. Richie Unterberger. «Shel Talmy Interview». http://www.richieunterberger.com/talmy.html. 
  4. Richie Unterberger. «Shel Talmy Folk-Rock Interview». http://www.richieunterberger.com/talmyfolk.html. 
  5. Chris Hunt. «Shel Talmy Interview». http://www.chrishunt.biz/features29.html. 
  6. Chris Hunt. «Shel Talmy Interview». http://www.chrishunt.biz/features29.html.