Waterloo Sunset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Waterloo Sunset
Singel av The Kinks
frå albumet Something Else by The Kinks
B-side

«Act Nice and Gentle» (UK)
«Two Sisters» (US)

Utgjeve 5. mai 1967
Innspelt 1967
Sjanger Rock
Lengd 3:16
Selskap Pye 7N 17321 (UK)
Reprise 0612 (US)
Tekstforfattar Ray Davies
Låtskrivar(ar) Ray Davies
Produsent Shel Talmy
The Kinks-kronologi 
«Mister Pleasant»
(1967)
Waterloo Sunset «Autumn Almanac»
(1967)


«Waterloo Sunset» er ein song av The Kinks frå 1967. Han vart gjeven ut som singel og på albumet deira Something Else by the Kinks. Songen vart skriven og produsert av frontmann og låtskrivar Ray Davies og er ein av dei mest kjende songen til bandet.

Teksten omhandlar ein einsam mann som sit på sørsida av Themsen og ser på (eller førestiller seg) eit romantisk møte mellom to personar ved Waterloo stasjon som så kryssar Waterloo-brua. I sjølvbiografien sin frå 1996, X-Ray, skriv Davie at songen var inspirert av ei hending då han vart innlagd på sjukehus som gut, og i eit intervju i 2008 sa han at det var ein fantasi om syster hans som møter kjærasten sin.

Terry og Julie, som er personane nemnde i teksten, er ofte tenkt å vere Terence Stamp og Julie Christie, to filmstjerner på denne tida.[1][2] Davies avkrefta derimot dette i 2004 og sa at Terry og Julie var vanlege folk og at han ikkje kunne skrive for stjerner.[3]

Innspelinga er den første der kona til Davies, Rasa, syng korvokal.

Singelen nådde andreplassen på den britiske singellista i midten av 1967, bak «All You Need Is Love» av the Beatles. I Noreg nådde songen 7. plass. Davies ser på songen som ein profesjonell milepåle, der han klarte å blande sin eigen personlege forteljarstil med det som skulle til for at songen skulle verte ein stor hit. Innspelinga var den første som vart produsert av Davies aleine, utan produsent Shel Talmy, som hadde produsert det meste Kinks hadde spelt inn fram til då.

I 2004 vart songen kåra til «den beste songen om London» av FM-radioen i London. Songen ligg på 42. plass på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 største songane gjennom tidene. Både Paul Weller og Damon Albarn har nemnd songen som deira absolutte favorittsong gjennom tidene. Pete Townshend frå The Who har kalla songen «guddommeleg» og «eit meisterverk».[4]

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]