Pete Townshend
| Pete Townshend | |
Pete Townshend gjer «vindmølla», som han har gjort kjend. |
|
| Verkeleg namn | Peter Dennis Blandford Townshend |
| Fødd | 9. mai 1945 i London i England |
| Instrument | Gitar, piano, synthesizer, vokal |
| Sjanger | Rock, hardrock |
| Aktive år | 1961 - |
| Yrke | Musikar |
| Tilknytt artistar | The Who |
| Plateselskap | Polydor, MCA Records |
| Nettside | http://www.petetownshend.co.uk |
Pete Townshend (fødd 9. mai 1945 i Chiswick i England) er ein engelsk rockegitarist, songar, låtskrivar og forfattar som hovudsakleg er kjend som gitarist og låtskrivar i The Who. Han har ei karriere som har vart over 40 år og leia bandet gjennom ein periode då bandet vart eit av dei viktigaste påverknadskjeldene i rockehistoria. The Who er òg kjend som eit av dei beste konsertbanda nokon gong.[1]
Townshend vart den viktigaste låtskrivaren for The Who, og skreiv over hundre songar for dei elleve albuma deira, inkludert rockeoperaene Tommy og Quadrophenia, samt albumet Who's Next, samt mange fleire songar gjeve ut på singlar, bonusspor og samlingar. Han har òg skrive over hundre songar for soloalbuma sine. Sjølv om han hovudsakleg er kjend som gitarist, er han òg ein habil songar og pianist, og han speler fleire andre instrument på soloalbuma, som banjo, trekkspel, synthesizer, piano, bass og trommer. Av musikkmagasinet Rolling Stone er han kåra til den 50. beste gitaristen gjennom tidene.
Han har òg skrive mange artiklar for aviser og magasin, bokmeldingar, essay, bøker og manuskript.
Diskografi [endre]
- Who Came First (1972)
- Empty Glass (1980)
- All the Best Cowboys Have Chinese Eyes (1982)
- Scoop (1983)
- White City: A Novel (1985)
- Another Scoop (1986)
- The Iron Man: A Musical (1989)
- Psychoderelict (1993)
- A Benefit For Maryville Academy (1998)
- Live: The Fillmore (2000)
- Live: The Empire (2000)
- Live: Sadler's Wells (2001)
- Live: La Jolla (2001)
- Scoop 3 (2001)
Bakgrunnsstoff [endre]
- Offisiell side
- Pete Townshend på Allmusic
- Pete Townshend's Eelpie
- Utstyret til Pete Townshend
- 'A Different Bomb' av Pete Townshend
- Rolling Stone-intervju i 1970
- The Man Who Hears Music
- Pete Townshend: Classy and Articulate (1982) på Crawdaddy!
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Pete Townshend» frå Wikipedia på engelsk, den 3. mai 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
|
|
|
|---|---|
| Roger Daltrey · Pete Townshend John Entwistle · Keith Moon · Kenney Jones |
|
| Studioalbum | My Generation · A Quick One · The Who Sell Out · Tommy · Who's Next · Quadrophenia · The Who by Numbers · Who Are You · Face Dances · It's Hard · Endless Wire |
| Konsertalbum | Live at Leeds · Who's Last · Join Together · Live at the Isle of Wight Festival 1970 · The BBC Sessions · Blues to the Bush · Live at the Royal Albert Hall · Encore Series 2002 · Encore Series 2004 · Encore Series 2006 & Encore Series 2007 · Live from Toronto · At Kilburn 1977 + Live at the Coliseum |
| Tilknytte artiklar | Diskografi |