My Generation
| «My Generation» Singel av The Who frå albumet My Generation |
||
| B-side | «Shout and Shimmy» (UK) «Out in the Street» (USA) |
|
|---|---|---|
| Utgjeve | 5. november 1965 | |
| Innspelt | 13. oktober 1965 | |
| Sjanger | Rock Hardrock |
|
| Lengd | 3:19 | |
| Selskap | Brunswick 05944 (UK) Decca 31877 (US) |
|
| Låtskrivar(ar) | Pete Townshend | |
| Produsent | Shel Talmy | |
| The Who-kronologi | ||
| «Anyway, Anyhow, Anywhere» (1965) |
«My Generation» | «Substitute» (1966) |
«My Generation» er ein song av det engelske rockebandet The Who. Songen vart ein stor hit og er ein av dei mest kjende songane deira. Songen vert ofte trekt fram som ein av dei største rockesongane gjennom tidene, og vart av musikkmagasinet Rolling Stone rangert på 11. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene og på 13. plass på VH1 si liste over dei 100 største rockesongane.[1]. Songen er òg ein av del av lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll, og han er innlemma i Grammy Hall of Fame. I 2009 vart han rangert på 37. plass av VH1 på lista deira over dei beste hardrocksongane gjennom tidene.[2]
Songen er skriven av Pete Townshend i 1965 for den opprørske britiske ungdomsrørsla kalla mods. Songen uttrykte kjensla om at eldre folk «rett og slett ikkje forstår kva det handlar om».
Songen vart gjeven ut som singel 5. november 1965 og nådde andreplassen i Storbritannia og 74. plas i USA.[3] «My Generation» vart òg gjeven ut på debutalbumet deira i 1965, My Generation (The Who Sings My Generation i USA) og finst i ein kraftig utvida versjon på konsertalbumet Live at Leeds (1970). The Who spelte songen inn att på ny for EPen Ready Steady Who! i 1966, men denne versjonen vart først gjeven ut i 1995 på den nymastra utgåva av A Quick One. Den største skilnaden mellom desse to versjonane er at i staden for feedbackavsluttinga på originalen, endar den nye utgåva i ei kaotisk utgåve av Edward Elgar sin «Land of Hope and Glory».
Innhaldsliste |
Inspirasjon [endre]
Townshend skreiv visstnok songen på eit tog og skal ha vore inspirert av dronningmora, som skal ha fått ein likbil som Townshend eigde taua bort frå ei gate i Belgravia fordi ho ikkje likte synet av bilen på den daglege køyreturen hennar gjennom nabolaget.[4] Townshend har òg nemnd Mose Allison sin «Young Man Blues» som ei inspirasjonskjelde, og skal ha sagt at utan Mose Allison hadde ikkje han skrive songen.[5] Townshend fortalde Rolling Stone i 1985 at «My Generation» handla om å prøve å finne plassen sin i samfunnet.»[6]
Komposisjon [endre]
Teksten til songen er rekna som ein av dei tydlegaste bodskapane om ungdommeleg opprør i rockehistoria. Tonen til songen var aleine ein forgjengar for punkrockrørsla. Eit av dei mest kjende sitata frå teksten er «I hope I die before I get old» («Eg håpar eg døyr før eg vert gammal»), som vert sunge av Roger Daltrey.
Som mange av dei tidlege Thw Who-songane er «My Generation» tydeleg inspirer av amerikansk R&B, særleg call and repsonse-forma i versa. Daltrey song ei linje og korvokalistane Pete Townshend og John Entwistle, svarte med refrenget «Talkin' 'bout my generation»:
- People try to put us d-down (Talkin' 'bout my generation)
- Just because we g-g-get around (Talkin' 'bout my generation)
- Things they do look awful c-c-cold (Talkin' 'bout my generation)
- I hope I die before I get old (Talkin' 'bout my generation)
Eit anna tydlege aspekt med «My Generation» er den sinte og frustrerte stamminga til Daltrey. Det finst fleire soger om korleis denne stamminga kom til. Ein av dei er at songen starta som ein sakte «snakkande» bluessong utan stamming, men etter å ha vorte inspirert av John Lee Hooker sin «Stuttering Blues», omarbeidde Townshend songen til den noverande forma. Ei anna soge er at det vart foreslått for Daltrey at han skulle stamme for å høyrast ut som ein britisk mod på amfetamin. Plateprodusenten Shel Talmy har fortald at det rett og slett var «eit uhell», som dei valde å halde. Roger Daltrey har òg sagt at han ikkje øvde på songen før innspelinga og ikkje kunne høyre stemma si i monitorane. Då han skulle synge songen kom stamminga av at han prøvde å passe teksten til musikken. Bandet syntes det høyrdest bra ut og valde og halde det slik. BBC ville først ikkje spele «My Generation» for å unngå og fornærme folk som stamma, men valde å snu om på dette då songen vart populær.
Instrumenteringa på songen reflekterer teksten, rask og aggressiv. Songen er mellom anna kjend for å innehalde ein av dei første bassoloane i rockehistoria. Denne vart spelt av Entwistle på hans Fender Jazz Bass, i staden for Danelectro-bassen han ønskte å bruke. Danelectros-bassen hadde sjeldant tynne strengar som brukte å slitne, så Entwistle vart frustrert og nytta i staden Fender-bassen sin. Avsluttinga på songen inneheld tromming av Keith Moon og gitarfeedback frå Townshend sin Rickenbacker 330, i staden for ein normal nedtoning.
Medverkande [endre]
- Roger Daltrey - solovokal
- Pete Townshend - gitar og korvokal
- John Entwistle - bass og korvokal
- Keith Moon - trommer
Andre utgåver [endre]
Mange artistar har spelt sine utgåver av «My Generation». Av desse finn ein mellom andre Oasis, Iron Maiden, Hilary Duff, Green Day, Phish, Floater, The Wahas, The Zimmers, Gorky Park, Di-Rect, Generation X, Acrylic Steel, The Sweet og Patti Smith
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «My Generation (The Who song)» frå Wikipedia på engelsk, den 10. mai 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Rock On The Net: VH1: 100 Greatest Rock Songs: 1-50
- ↑ «spreadit.org music». http://music.spreadit.org/vh1-top-100-hard-rock-songs/. Henta 10. mai 2009.
- ↑ http://www.thewho.net/discography/songs/MyGeneration.html My Generation.
- ↑ AMAZING JOURNEY: THE LIFE OF PETE TOWNSHEND
- ↑ Mose Allison.
- ↑ My Generation.
|
|
|
|---|---|
| Roger Daltrey · Pete Townshend John Entwistle · Keith Moon · Kenney Jones |
|
| Studioalbum | My Generation · A Quick One · The Who Sell Out · Tommy · Who's Next · Quadrophenia · The Who by Numbers · Who Are You · Face Dances · It's Hard · Endless Wire |
| Konsertalbum | Live at Leeds · Who's Last · Join Together · Live at the Isle of Wight Festival 1970 · The BBC Sessions · Blues to the Bush · Live at the Royal Albert Hall · Encore Series 2002 · Encore Series 2004 · Encore Series 2006 & Encore Series 2007 · Live from Toronto · At Kilburn 1977 + Live at the Coliseum |
| Tilknytte artiklar | Diskografi |