Southamptonøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Shugliaq)
Southamptonøya
Land  Canada
Territorium Nunavut
Region Kivalliq
Del av Det kanadiske polararkipelet
Areal 41 214 km²
Folketal 834
Kart
Shugliaq
64°30′ N 84°30′ W
Wikimedia Commons: Southampton Island

Southamptonøya (engelsk Southampton Island, inuktitut Shugliaq) er ei stor øy ved innløpet til Hudsonbukta ved Foxesjøen. Shugliaq er underlagt Kivalliq-regionen i Nunavut-territoriet i Canada. Flatevidda skal vere 41 214 km². Ho er den niande største øya i Canada. Einaste busetnaden på øya er Coral Harbour, eller Salliq, med eit folketal på 712 etter folketeljinga frå 2001.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Hudsonbukta med Salliq
Kart over Salliq

Shugliaq er skild frå Melvillehalvøya av Frozen Strait. Andre sjøvegar rundt om kring øya er Roes Welcome Sound i vest, Bay of Gods Mercy i sørvest, Fisher Strait i sør, Evans Strait i søraust og Foxe Channel i aust.

Hansine Lake ligg langt nord på øya. Bellhalvøya utgjer den søraustre delen av øya. Mathiasen Mountain, eit fjell i Porsildfjella, er med sine vel 600 moh. det høgste punktet på øya.

Fauna[endre | endre wikiteksten]

Fuglereservata East Bay Migratory Bird Sanctuary og Harry Gibbons Migratory Bird Sanctuary er viktige yngleplassar for snøgåsa (Anser caerulescens caerulescens).

Historie[endre | endre wikiteksten]

I historisk samanheng er Shugliaq kjend for sine no utdøydde innbyggjarar, sadlermiutane (på moderne inuktitut sallirmiut). Desse er blitt sette i samband med den eldgamle dorsetkulturen, kalla tuniit av inuittane. Gruppa vart erklært etnisk og kulturelt utdøydd etter 1902-03, då ein innført sjukdom drap alle sallirmiutar i løpet av veker.

Tidleg på 1900-talet vart øya folkesett på ny av aivilingmiutar frå Repulse Bay (Naujaat) og Chesterfield Inlet (Igluligaarjuk), etter oppmoding frå kvalfangaren George Comer og andre. Folk frå Baffinøya innvandra 25 år seinare. Den seinare kjende John Ell, reiste då han var barn til Shugliaq saman med mor si, Shoofly, på Comer sine skonnertar.

Den største sadlermiut-buplassen låg på Native Point ved munningen av bukta Native Bay.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]