Snøgås
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Snøgås | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Underrekkje: | Vertebrata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Anseriformes | |
| Familie: | Anatidae | |
| Slekt: | Chen | |
| Art: | C. caerulescens | |
| Vitskapleg namn | ||
| Chen caerulescens | ||
Snøgås er ein fugleart i andefamilien.
Innhaldsliste |
Utbreiing og taksonomi [endre]
Snøgåsa hekker nord for tregrensa på Grønland, i Canada, Alaska og det noraustlegaste Sibir. Arten vert delt opp i to underartar.
- C. c. caerulescens: Lever i den vestre delen av utbreiingsområdet.
- C. c. atlanticus: Er litt større og lever i den austre delen av arten sitt utbreiingsområde.
Utsjånad [endre]
Arten opptrer i to fargevariantar, kvitt eller blågrått. Dei kvite er snøkvite unnateke vengespissane som er svarte. Den andre typa har blågrått som erstatning for kvitt unnateke hovudet, nakken og halespissen. Ungfuglen av den blå varianten er meir gråleg med lite eller ikkje noko kvitt. Både den kvite og den blå typa har rosaraude føter og legger, og lyseraud nebb.
Trekktilhøve [endre]
Fuglane flyg sørover til dei milde delane av Nord-Amerika og overvintrar frå det sørvestre British Columbia i nord til Mexico i sør.
Kjelder [endre]
- Engelsk wikipedia.