Sias
| Sias | ||
| Utspring | Valdajhøgdene | |
| Munning | Ladoga | |
| Land i nedslagsfelt | ||
| Lengd | 261 km | |
| Middelvassføring | 53 m³/s | |
| Nedslagsfelt | 7 330 km² | |
Sias (russisk Сясь, finsk Säsjoki eller Sääsjoki) er ei elv i Novgorod og Leningrad oblast i Russland. Elva er 261 km lang og har eit nedslagsfelt på 7 330 km².
Elva startar i myrområda nordvest for Valdajhøgdene og renn frå der mot nord og munnar ut i innsjøen Ladoga rundt 11 km aust for elva Volkhov. Byen Siasstroj ligg ved munningen. Den største sideelva er Tikhvinka. Sias frys til i november (nokre gonger seinare) og er islagt under isen til i april. Middelvassføringa er 53 m³/s målt 27 km før munningen.
I slutten av vendeltida og tidleg i vikingtida var Sias mykje nytta som ei alternativ rute i staden for Volkhov for trafikk frå Austersjøen til Volga. Festninga Alaborg vart bygd av væringane for å forsvare tilgangen til Sias-stryka. Bruken av ruta hadde minska på 900-talet.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Sias» frå Wikipedia på bokmål, den 29. oktober 2008.