Volkhovelva

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Volkhov
Velikij Novgorod og elva Volkhov
Velikij Novgorod og elva Volkhov
Utspring Ilmen
Munning Ladoga
Land i nedslagsfelt Flag of Russia.svg Russland
Lengd 224 km
Middelvassføring 580 m³/s
Nedslagsfelt 80 200 km²
Volkhov-elva ved Novgorod
Kholmovskij-brua over Volkhov i Novgorod

Volkhov (russisk Во́лхов) er ei elv i Novgorod oblast og Leningrad oblast i Russland. Elva er 224 km lang og har eit nedslagsfelt på 80 200 km².

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Volkhov renn frå innsjøen Ilmen nordover til Ladoga, den største innsjøen i Europa. Elva er den nest største elva som munnar ut i Ladoga. Heile elva kan nyttast til skipsfart, men vassføringa er særs variable og avhengig av vasstanden i Ilmen. Volkhov skal i det øvste løpet sitt ved særs låg vasstand i sjøen sjøen ha snudd og rent i motsett veg, inn i Ilmen. Elva frys til i slutten av november og er islagt til tidleg i april. Elva har ei middelvassføring på 580 m³/s ved munningen i Ladoga, men kan varierer frå 44 til 2 900 m³/s gjennom året.

Vasstanden vert regulert av demninga til Volkhov vasskraftverk (det første sovjetiske regionale vasskraftverket, opna 19. desember 1926, som ein del av GOELRO-planen) som ligg 25 km oppfor Ladoga. Utanom produksjon av elektrisitet så sørgjer demninga òg for å legge til rette for båttrafikken på elva, som tidlegare var kjend stryka sine.

Dei største sideelvane hennar er Visjera (som munnar ut i greina Malyj Volkhovets aust for Novgorod, Ptsjevzja og Oskuja frå høgre, og Kerest og Tigoda frå venstre.

I øvre delar er Volkhov knytt til elva Msta via Siversovkanalen, som fører båtane utanom Ilmen. I nedre delar er ho knytt til elvane Neva, Sias og Svir via Ladogakanalen, som fører trafikken utanom den stormfarlege Ladogasjøen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Trass i at ho er relativt kort, så har Volkhov spelt ei stor rolle i russisk historie og økonomi. På midten av 800-talet, var Volkhov ein tett folkesett handelsåre i væring-dominerte Khaganatet Rus. Ho var ein vital del av den viktigaste handelsruta som knytte Nord-Europa til Orienten, via Volga og Dnepr. Den gamle russiske hovudstaden Staraja Ladoga og ein av de fremste russiske mellomalderbyane Velikij Novgorod ligg langs Volkhov.

Etter å ha segla inn i Volkhov ved Gortsjakovsjtsjina og Ljubsja, la vikingane sine handelsskip til ved den store handelsmarknaden i Aldeigja (Ladoga). Så rodde dei oppover elva forbi fleire stryk, vakta av dei festningsdominerte busetnadane ved Novyje Duboviki og Gorodisjtsje. Det var enno ein utpost ved Kholopy Gorodok, 13 km nord for dagens Velikij Novgorod, eller snarare Holmgard, som vart grunnlagd nær staden der Volkhov renn ut av Ilmen.

«Dei fleste av desse var til og begynne med små stader, truleg ikkje stort meir ein stasjoner for utrusting og forsyningar, som òg gav høve for utveksling og redistribuering av gjenstandar som passerte langs elve- og karavanrutene».[1] Truleg var det slike pre-urbane busetnader som gav landet det norrøne namnet Gardariki.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. A Comparative Study of Thirty City-state Cultures (ed. by Mogens Herman Hansen). Kgl. Danske Videnskabernes Selskab, 2000. Page 266.