Signalkuppe
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Signalkuppe | |
| Punta Gnifetti | |
| fjell | |
|
Signalkuppe bak Zumsteinspitze. Margherita-hytta er så vidt synleg på toppen.
|
|
| Land | |
|---|---|
| Regionar | Piemonte, Valais |
| Fjellkjede | Wallis-Alpane |
| høgd | 4 554 moh |
| skardhøgd | 102 m ↓ mot Dufourspitze |
| koordinatar | |
| Lettast tilkomst | brevandring via vestflanken og sørvestryggen (F) |
| Førstestiging av | Giovanni Gnifetti |
| - dato | 9. august 1842 |
Signalkuppe eller Punta Gnifetti er eit fjell i Monte Rosa-massivet i Wallis-Alpane på grensa mellom Italia og Sveits med ei høgd på 4 554 meter over havet. Fjellet er kalla opp etter «Signalet», ein tind på austryggen.
Toppen av Signalkuppe vart først nådd av Giovanni Gnifetti, ein sokneprest frå Alagna Valsesia, i lag med J. Farinetti, C. Ferraris, C. Grober, J. og G. Giordiano og guidar den 9. august 1842.
Den høgastliggande hytta i Europa, Margheritahytta (kalla opp etter den italienske dronninga Margherita av Savoie) ligg på toppen av fjellet. Ho vart bygd i 1890-1893 med støtte frå den italienske krona, og Dronning Margherita opna ho i 1893. Den nye hytta er kledd med kopar for å verne ho mot lynnedslag.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Signalkuppe frå Engelsk Wikipedia der følgjande kjelder mellom anna vart nytta:
- Dumler, Helmut and Willi P. Burkhardt, The High Mountains of the Alps, London: Diadem, 1994
- Collomb, Robin G., (ed.), Pennine Alps Central, London: Alpine Club, 1975