Piemonte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Regione Piemonte (it)
Kart som viser plasseringa til Piemonte i Italia
Hovudstad Torino
President Mercedes Bresso
Provinsar 8
Kommunar 1206
Areal 25 399 km²
 - Rangering 2. (8,4 %)
Folketal (2006 est.)
 - Totalt 4 341 733
 - Rangering 6. (7,4 %)
 - Tettleik 171/km²
Heimeside www.regione.piemonte.it

Piemonte (italiensk for «ved foten av berget», piemontesisk og oksitansk Piemont; fransk Piémont, òg kalla Piedmont på somme språk) er ein av tjue regionar i Italia. Han har eit areal på 25 399 kvadratkilometer, og har om lag 4,4 millionar innbyggjarar. Valle d'Aosta i nordvest høyrer både historisk og geografisk til Piemonte, men utgjer ein autonom region. I nord grensar Piemonte til Sveits, i vest til Frankrike, i sør til Liguria, i søraust til Emilia-Romagna og i aust til Lombardia.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Piemonte er den nest største regionen i Italia etter flatevidd, etter Sicilia.

Elvar[endre | endre wikiteksten]

Elva Po renn gjennom regionen. Andre viktige elvar, som alle er sideelvar til Po, er:

Arnasdalen i Usseglio (Torino)

Geografiske soner[endre | endre wikiteksten]

Tre forskjellige geografiske område dominerer Piemonte:

  • Alperegionen med Alpane utgjer dei vestlege og nordlege områda av regionen. Her finn ein Dei oksitanske dalane (Valle Stura, Valle Maira, Valle Maraita, Valle del Po, Valle del Chisone, Val Pellice, Valle di Susa, Valle d'Aosta) og områda rundt vestsida av Lago Maggiore. Det høgaste fjellet i området er Mont Blanc, langt oppe i Aostadalen, men i sjølve regionen Piemonte er dei høgaste fjelltoppene Monte Rosa (4 634 moh.), Gran Paradiso (4 061 moh.) og Viso (3 841 moh). Den høgaste fjellovergangen i Alpane, Col de Sommeiller, ligg òg her.
  • Posletta finn ein dei største byane i Piemonte, og her bur òg dei fleste innbyggjarane. Den vidstrakte Posletta, som er dekt med vatn på rismarkene rundt Vercelli og Novara, glitrar mot vest og går over til dei mektige fjella i Alpane. Torino som ligg ved kanten av Posletta, har utsikt til åssidene og Alpane som dannar fantastiske naturlege kulissar for byen. Dryge 16 millionar menneske lever rundt Posletta og er det mest oppdyrka området og gjer Vercelli til senteret for risdyrking i Europa. Italia dyrkar enorme mengder med ris, ikkje langt frå Torino og i regionen Piemonte.
  • Høgdedraga søraust i regionen (Monferrato, Langhe, Roero) vert utnytta i landbruket og har ein del turisme. Her finn ein dei kjende vinane i Piemonte, som Barolo, Barbera og Barbaresco).

Provinsar og byar[endre | endre wikiteksten]

Regionen Piemonte har åtte provinsar:

Hovudstad og viktigaste by er Torino. Andre viktige byar er Novara, Alessandria, Asti og Cuneo.

Byar i Piemonte med 50 000 innbyggjarar eller meir:

Kommune Innbyggjarar (2006 est.)
Torino 900 608
Novara 102 817
Alessandria 91 593
Asti 73 734
Moncalieri 55 983
Cuneo 54 817
Rivoli 50 213

Naturvernsområde[endre | endre wikiteksten]

Av det samla arealet til Piemote er 1 930 kvkm (7,6 %) verna område: Det har 56 parkar eller naturvernsområde, to nasjonale naturparker Gran Paradiso og Val Grande, den regionale naturparken Laghi di Avigliana og den provinsielle parken Lago di Candia.

Språk[endre | endre wikiteksten]

Det dominerande skriftspråket er italiensk. Men mange innbyggjarar talar piemontesisk, og i nokre avsidesliggande alpedalar nyttar ein framleis det gamle oksitanske språket.

I Valle d'Aosta nyttar òg så mange fransk at det òg er i bruk i offentleg forvaltning.

Religion[endre | endre wikiteksten]

Piemonte er, som resten av Italia, gjennomgåande katolsk. Kyrkja er organisert i to metropolitanprovinsar. Erkebispedømet Torino vert styrt av ein erkebiskop som kreerast til kardinal, og det har suffraganbispedøme med bispesete i Acqui, Alba, Aosta, Asti, Cuneo, Fossano, Ivrea, Mondovì, Pinerolo, Saluzzo og Susa. Det andre erkebispedømet er Vercelli, og har suffragana Alessandria, Biella, Casale Monferrato og Novara.

Piemonte er òg tyngdepunkt for valdensarane, ei protestantisk rørsle som byrja som kyrkjekritisk utbrytargruppe i Lyon-området på 1200-talet. Dalføra i Alpane vest for Torino vert ofte uformelt kalla Waldensia eller Valdensardalane, og der ligg Torre Pellice, som i fleire hundre år har vore senter for den italienske valdensarkyrkja sine viktigaste institusjonar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området har vore busett sidan utgangen av yngre steinalder. Etter at isen trekte seg opp i Alpane kom det keltisk-liguriske grupper som taurinarar og salassarar til området. Dei vart etter kvart trengt bort av romarane som grunnla koloniar som Augusta Taurinorum (i dag Torino) og Eporedia (Ivrea).

Kongedømet Sardinia i 1839: Fastlandet Piemonte, med Savoie øvst til venstre (rosa) og Nizza (Nice) nedst til venstre (brunt). Begge er no fransk. Sardinia er innfelt øvst til høgre.

Piemonte si sjølvstendige historie byrjar då romarane trekte seg tilbake etter Romarriket fall frå kvarandre. folkevandringstida reiste ei rekkje folkeslag gjennom området. Lenge var store delar av det eit lite langobardisk fyrstedømme, eit markgrevskap, sentrert om Torino. I 1046 kunne huset Savoie innlemme markgrevskapet Piemonte til sine område, som inntil då var avgrensa til Savoie, med hovudstad i Chambéry (no i Frankrike). Savoieherskerne vart gjort til hertugar i 1416, og hertug Emanuele Filiberto flytta residensen sin til Torino i 1563. Piemonte vart fleire gonger erobra av vekselvis Frankrike og Habsburg-herskarane. I 1718 klarte Savoie-herskarane å sameine Piemonte og Sardinia og mottok kongeembete to år seinare som nådehandling av den tysk-romerske keisaren i Wien. Republikken Alba vart oppretta i 1796 som ein fransk vasallstat i Piemonte før området vart annektert av Frankrike i 1801. Frå 1814 kom området igjen under austerriksk kontroll, som gjorde det til sin eigen vasallstat. På Wienerkongressen i 1815 fekk Piemonte-Sardinia tillagt Republikken Genova for å styrke han som barrierestat mot Frankrike. Dette kongedømet, med hovudstad i Torino, vart kalla kongedømet Sardinia (sjå kart).

Kongedømet Sardinia var springbrettet for samlinga i Italia i 1859-1861, etter to mislykka krigar mot Austerrike i 1820-1821 og 1848-1849.

I 1969 vart det blodige arbeidaropprør i Torino, som førte til opprettinga av terrororganisasjonen Dei raude brigadane. Piemonte har sidan opprettinga i 1992 òg vore høgborg for partiet Lega Nord som arbeider for norditaliensk sjølvstende.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

I motsetnad til andre delar av Italia er turismen i Piemonte forholdsvis moderat. Tyngdepunktet ligg i nord ved Lago Maggiore og i Langhe, der ein kan nyte m.a. vin og trøflar. Trøffelsesongen byrjar med trøffelhaustinga i oktober.

Grande Traversata delle Alpi er ein vandreveg gjennom Alpane i Piemonte.

Kunst og kultur[endre | endre wikiteksten]

Piemonte har mange på kunst og kulturskattar. Av dei mest kjende finn ein dei barokke praktbygningane i Torino (Palazzo Reale, Palazzo Madama, kyrkja San Lorenzo). I Stupinigi, ein forstad til Torino, ligg lystslottet Palazzina di Caccia. I seinrenessansen vart Sacro Monte bygd i Varallo. Frå mellomalderen er abbediet Staffarda og borga i Manta bevart. Frå romansk tid finst klosteret San Giulio på øya San Giulio i Ortasjøen. Ved Lago Maggiore høyrer Isole Borromee til dei største attraksjonane.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Ein Fiat 500

Piemonte er av dei rikaste regionane i Italia. Arbeidsløysa er med omkring 8 % langt lågare enn det italienske gjennomsnittet (11 %). Nokre av dei viktigaste italienske selskapa har setet sitt her, som bilprodusentane Fiat og Lancia (begge i Torino), næringsmiddelfabrikanten Ferrero (i Alba) og elektronikkselskapet Olivetti (i Ivrea). Ved sidan av moderne industri i og omkring Torino, ullhandsaming i Biella og serviceindustrien er òg landbruket viktig.

Gastronomi og vindyrking[endre | endre wikiteksten]

Gastronomisk vert Piemonte rekna som eit av dei beste matdistrikta i Italia, ved sidan av Toscana og Sicilia. I Po-området vert dyrka ris (ein tredjedel av den europeiske ris-produksjonen stammer frå her), frukt og grønsaker. Høgdeområda produserer vin og hasselnøtter, og i Aostadalen vert drive dyrerøkt.

Piemonte sin tradisjonelle rett er bollito (kokt). Oppskrifta består mellom anna av fleire kjøttypar som vert kokt saman - opp mot fire timar i gryta. Det gastronomiske året i Piemonte startar med bollito, trøflar, avoli (sopp) og andre typiske råvarer frå denne årstida om hausten og vert avslutta om våren med asparges i mange utgåver. Så i resten av sommarhalvåret låner innbyggjarane rettar frå andre distrikt, for så om hausten å starte igjen på det gastronomiske piemontesiske kretslaupet.

Piemonte sine kulinariske tradisjonar er kjend for å skape meisterverk i nyskapingar og raffinement, ofte ved hjelp av heilt vanlege ingrediensar (som mange andre stader i Italia).

Historia om Kylling Marengo[endre | endre wikiteksten]

Slaget ved Marengo.

Dette kan illustrerast med historia om kylling Marengo: Dagen før det blodige slaget ved den litle byen Marengo 14. juni 1800, stod Napoleon med hæren sin klar til angrep, men det herska kaos rundt matfatet og det var umogeleg å finne fram til kjøkkenvognene. Kokken måtte improvisere for generalane og førstekonsulen. Han måtte stele nokre høns og kalla retten for «Kylling Marengo». Etter det storslåtte måltidet fekk kokken skryt av Napoleon.

Historikarar er einige om at denne soga er ganske korrekt, men meiner at æra for denne opphavlege, genuine retten, må kome frå ei ukjend fattig bondekone frå Piemonte som laga til hønsa enkelt, slik skikken var på staden, med smør, olje, muskat, vin, mjøl og persille. Fleire variantar av denne kjende retten finst i dag. Samansettinga vart eit ugløymande festmåltid for dei høge herrane og det same kan ein seie om hønseretten som har føydd seg inn i historia.

Trøflar[endre | endre wikiteksten]

Kvit trøffel.

Piemonte er kjend som eit av dei beste områda for trøffelsanking. Trøffelen er «diamanten» i dei mange rettane som vert laga frå oktober til desember, og i enkelte tilfelle kan sesongen vare til januar. Trøflane finst i nærleiken av eike- og kastanjetre. Trøflane veks djupt under overflata. Spesielle hundar vert trent opp til å finne dei. Når trøflane nesten er gravne fram, må hunden trekkast hurtig til side slik at dei skjøre delikatessene ikkje vert skada og menneskehender overtar arbeidet med å få opp trøflane på ein nennsam måte.

Ein finn både den svarte og den kvite trøffelen her. Sidan 1600-talet har den piemontesiske trøffelen vorte sett på som den ypparste hos feinschmeckarane i dei europeiske hoffa. Av kjente kjennarar av trøffelen kan ein nemne komponisten Gioacchino Rossini, som kalla den for «trøflane sitt svar på Mozart». Den kvite piemontesiske trøffelen (Tuber magnatum) har alltid vorte rekna som den beste, men det er først sidan 1900-talet at den kvite trøffelen frå Alba har vore internasjonalt kjend. Dette skuldast mellom anna Giacomo Morras sitt arbeide for å gjere den kjend. Denne trøffelen vart «krona» til kongen av trøflar så tidleg som i 1933 av London-avisa The Times.

Markedet for kvite trøflar i Alba er på det travlaste i månadane oktober og november. Tuber magnatum går for mellom 200€ og 400€ pr. hekto.

Svarte trøflar er meir vanlege og mindre aromatiske og finst òg i Umbria-regionen. Dei er ikkje så dyre som dei kvite.

Carpaccio[endre | endre wikiteksten]

Carpaccio har etter kvart vorte kjend over heile verda. Det er ein forrett som består av lauvtynne skiver av rått kjøt med oljedressing og tynne «høvelspon» av Parmigiano dryssa over. Eigaren av ein bar i Venezia kalla retten opp etter den vidkjende venetianske målaren Vittore Carpaccio, men denne komposisjonen er likevel frå Piemonte.

Kaker og dessertar[endre | endre wikiteksten]

Piemonte sine kaker og andre søtsaker vart landskjend under den italienske Risorgimento (samlinga av Italia). Kjende varemerke er Ferrero, Caffarel og Venchi.

Vinar[endre | endre wikiteksten]

Landsbyen Barolo sett frå nord, med vinmarkene ved landsbyen La Morra. Foto: Helge Høifødt

Piemonte er eit av dei mest kjende områda i Italia for vindyrking. Over halvparten av regionen sine 700 km² vinmarker har kvalitetsklassifiseringa Denominazione di Origine Controllata (DOC), og regionen har i tillegg ein tredel av alle Italia sine Denominazione di Origine Controllata e Garantita (DOCG) – den høgaste kvalitetsklassifiseringa i landet.

Vinane er gjerne basert på den kjende druetypen Nebbiolo, men òg på Barbera, Dolcetto, Moscato i tillegg dei mindre kjende Freisa, Grignolino og Brachetto.

Av dei mest kjende vinane som vert produsert i Piemonte er Barolo og Barbaresco.

  • Barolo stammar frå området rundt landsbyen Barolo i provinsen Cuneo. Vinen er djupraud og er særs tanninrik, med lukt av tjøre og roser.
  • Barbaresco stammar frå landsbyane Barbaresco og Neive, der druene vert dyrka. Denne vinen vert noko mindre kraftig og meir silkemjuk enn Barolo.

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Regionar i Italia
Abruzzo  | Basilicata  | Calabria  | Campania  | Emilia-Romagna  | Friuli-Venezia Giulia  | Lazio  | Liguria  | Lombardia  | Marche  | Molise  | Piemonte  | Puglia  | Sardinia  | Sicilia  | Toscana  | Trentino-Alto Adige  | Umbria  | Valle d'Aosta  | Veneto