Sigurd Ribbung

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sigurd Ribbung var ein norsk tronkrevjar i borgarkrigstida i Noreg. Sigurd vart fødd i 1204, og døydde i 1226.

I 1217 døydde Filippus Simonsson, den siste baglarkongen. Skule Bårdsson handla raskt og tilbydde baglarane forsoning under Håkon som konge. Baglarane godtok dette, oppløyste flokken sin og gav seg under kong Håkon. Dermed var Noreg igjen samla under ein konge. Enkelte gamle baglarar som kom dårleg ut av forliket fann i 1220 eit nytt kongsemne, Sigurd Ribbung, som dei sa var son av baglarkongen Erling Steinvegg, og dermed soneson av kong Magnus Erlingsson. Dei reiste ein ny opprørsflokk, ribbungane.

Gudolf frå Blakstad var den fremste leiaren for ribbungane. Ribbungane kjempa mot birkebeinarane, og tiltrekte seg fleire tidlegare baglarar som var misnøgde med fredsoppgjeret mellom baglarane og birkebeinarane. Ribbungane fekk i røynda berre makt på Austlandet.

Sigurd Ribbung gjekk i 1223 med på å overgi seg til Skule, og tok del i riksmøtet i Bergen same året]. Seinare rømte han og fornya opprøret sitt. Han døydde av sjukdom i 1226, men ribbungane prøvde å halda dette løynd. Dei tok Knut Håkonsson som kongsemne. Året etter tapte ribbungane fleire trefningar mot kongsmennene. Dei vart endeleg slått i 1227 då Knut overgav seg til kong Håkon og fekk forlik med han.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]